Gå til hovedinnhold

No blir Noreg seld!

Det kan ein i alle fall få inntrykk av viss ein skal tru på argumentasjon og skremselspropagandaen frå opposisjonspartia. Det er ikkje måte på kva for kjensler dei både har fått for Flytoget og for det statlege eigerskapet av skog.

I dag blir eigarskapsmeldinga behandla i Stortinget. Sjølv om ein statssekretær ikkje deltek i debatten i Stortinget, ønskjer eg å skrive nokre få ord om Statskog og dei mytene som er blitt presentert om dei prosessane som er i gang når det gjeld Statskog. Det er omtrent blitt framstilt som at ønskje vårt om å selge skog handlar om å selje store deler av Noregs areal, og då helst til utlendingar (skulle ein tru argumentasjonen til spesielt Arbeiderpartiet). 

I regjeringsplattforma står det at vi ønskjer å selge areal frå Statskog tilsvarande det som er blitt kjøpt dei siste åra. Det er også dette som står i eigerskapsmeldinga, og Statskog fekk i oktober i fjor i oppdrag å utgreie ulike modellar for organisering og privatisering av Statskog sin skogverksemd på økonomisk drivbare arealer. 

Dette er prat om under ein prosent av Noregs areal. Ikkje "heile Noreg", ikkje "tjue prosent", ikkje "all skog i Noreg". Det er prat om under ein prosent. Og det er ikkje konkludert endå! Det er prat om ei utgreiing. Omsyn til innbyggjarane si tilgang til jakt og fiske kjem også til å bli nøye omtalt i utgreiinga som vil bli lagt fram 1.mars. 

Og kvifor er det så viktig at selje areal frå Statskog? Kan ikkje berre staten eige?

Eller skal vi snu det på hovudet? Kvifor skal staten eige skog? Kvifor kan ikkje private skogeigarar heller eige denne skogen?

Vi ønskjer å styrke skogbruket i Noreg. Mange skogeigarar i dag ønskjer seg større areal. For å drive meir profesjonelt og for å ta ut meir tømmer frå skogane. Og tru meg; vi treng eit meir aktivt skogbruk i Noreg og vi treng meir hogst og verdiskaping basert på norsk skog. 

Statskog har seld mykje skog allereie. I det såkalte "arronderingssalet" (sett i gang av den førre regjeringa) har dei seld 148 skogeigedommar. Dette salet handlar om å selge skogareal rundt omkring i landet vårt, som private då kan få kjøpe for å effektivisere og optimalisere skogsdrifta si. Så langt er eit stort fleirtal av desse eigedommane seld til lokale kjøparar i same kommune som eigedommane finst. Faktisk heile 69 % (resten er stort sett kjøpt av det offentlege) er seld til lokale kjøparar. Lokale kjøparar som ønskjer å drive skogen aktivt. Det meiner eg er veldig bra, og eg ønskjer meg meir av slike sal. 

Statskog er ein viktig grunneigar i Noreg. Ingen tvil om det. 

Ja, Statskog eig tjue prosent av Noregs areal, men det er ikkje dette arealet dei no skal greie ut privatisering av. Oppdraget går på det økonomisk drivsbare arealet, og det er under ein prosent av Noregs areal. Dette er ikkje prat om sal av Noreg. Det er prat om sal til norske skogeigarar - til alle dei dyktige skogeigarane i landet vårt som ønskjer seg meir areal. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…