Gå til hovedinnhold

Ost, ost, ost!

At Noreg er eit fantastisk osteland har verkeleg gått opp for meg etter at eg vart statssekretær i Landbruks- og matdepartementet. Eg har smakt så mange gode ostar. I dag fekk eg smake endå fleire.

I dag har eg vore med Mattilsynet på besøk til Eiker gårdsysteri. Målsettinga var å få lære meir om korleis Mattilsynet jobbar med lokalmat, kva dei gjer på tilsyn, kva for regelverk som skal følgjast og ikkje minst få høyre korleis dette opplevast for produsenten.

Besøket var ein del av førebuingar til at vi snart skal legge fram ei stortingsmelding om vekstraft og gründerskap innanfor landbruksbasert næringsutvikling. Inn i det arbeidet ser vi mellom anna på korleis vi kan jobbe med forenklingar for dei som driv med lokalmat og korleis vi kan fremme meir verdiskaping basert på gardens samla ressursar på små og store bruk over heile landet.

Eiker gårdsysteri ligg i Hokksund i Buskerud. Dei har mjølkeproduksjon i samdrift og produserer osten av si eiga mjølk.  Dei starta som så mange andre frå ingenting. Lærte seg ystekunsten, lagde produksjonslokale og starta i det små. Etter kvart har dei auka produksjonen og fått fleire tilsette og auka kompetansen sin.

I dag produserer dei fleire type ostar. Vi fekk i dag lære om ysteprosessen, risikofaktorar og korleis dei som jobbar i produksjonen sørgjer for at maten blir både trygg og god.

Lagring er ein viktig del av osteproduksjonen. Her ser de kanskje den mest kjende osten Holtefjell som ligg lagra. Dette er ein raudkittost, og dess lenger han ligg lagra dess raudare, kraftigare og mindre blir han. Den mest vellagra heiter Holtefjell XO, og smakar fantastisk godt! 



Her kunne eg budd. Kan innrømme eg kunne tenkje meg å bli vellagra i lag med all den osten her.

Lokalmatmarknaden er i enorm vekst, og då er det også viktig at ein er sikker på at produkta ein får kjøpt er trygge og har høg kvalitet. Det er produsentane som har ansvar for at maten er trygg, men Mattilsynet har ei viktig oppgåve med tanke på rettleiing og tilsyn. Og på begge desse områda blir det jobba bra og vi har heile tida ei målsetting om at det skal bli endå betre.

Har du innspel til forenklingar eller til endringar som kan gjere lokalmatproduksjonen endå betre? Korleis skal vi sørgje for meir verdiskaping og at produsentane kan bli endå dyktigare? Kom med dei! Vi ønskjer meir mat, betre mat og meir mangfald, og blir alltid glad for konkrete innspel for å nå dette målet. Vi fekk nokon i dag, men treng alltid fleire.

Nei - eg er ikkje i Landbruks- og matdepartementet for å ete ost. Eg ser på det som ein heldig bieffekt av jobben min når eg får slike lunsjar. Dette er kortreist, det er lokalt, det er godt. Det er OST!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…