Gå til hovedinnhold

Seriøst, Bettan og Tor Endresen?



Det var akkurat det eg tenkte då eg såg at dei to veteranene skulle delta i årets Melodi grand prix. Javisst har Bettan hatt nokon verkeleg fine låtar i dei europeiske finalene. Det har Carola også, men hennar siste forsøk i Melodifestivalen viste at det er grenser for kor mange gonger du kan delta i denne konkurransa. 

Også Tor Endresen då. Jada; det vart ikkje MGP på 90-talet utan han, men eg får lyst til å gnage av meg armen når eg tenkjer på mitt siste MGP-minne om han, som er linja: "kjærlighetstid i San Francisco". Det er ikkje bra, og det gjekk ikkje bra i den europeiske finala heller.

No har eg lytta gjennom alle låtane til årets finale, som er 14.mars. Og noko er gale med verda når Bettan og Tor Endresen sin låt er ein av dei betre. Verda går ikkje vidare! Slepp meg av! 

Her er mine vurderingar av årets låtar i Melodi Grand Prix. Poeng er på ein skala frå 1 til 12. 

Raylee - Louder
Hadde det ikkje vore for Stjernekamp på NRK hadde eg aldri visst kven denne artisten var. No veit eg det, men det hjelp ikkje. Dette minnar om ein blanding av Britney Spears og Staci Orrico på speed. Kjedeleg.
Poeng: 5


Erlend Bratland - Thunderstruck
Var ikkje dette han med lilla eller grønt hår som var med i eit slags program på fredagskvelden ein gong? No er han noko endra. Låta er slett ikkje verst, men det minnar om ein av desse syngemennene som deltek i svenske Melodifestivalen kvart år, og som eg aldri hugsar namnet på. 
Poeng: 7

Marie Klåpbakken - Ta meg tilbake
Eg likar nynorsk og eg likar dialekt, og eg kan bli sjarmert av ein song på norsk. Men seriøst; dette er berre kjedeleg. Og eg hatar songar om å bli tatt tilbake. Eg vil sjå framover! Gabrielle til Grand Prix 2016!
Poeng: 3


Bettan og Tor Endresen - All over The world
Hihi. For ein pompøs tittel tenkte eg! Og for ein pompøs intro. Og når Tor Endresen startar med nesten Meatloaf-stemme med følgande strofe: "on a dark December night you could see a shining light of hope", då får du berre lyst til å leggje deg under bordet og vere flau. Men dette er koseleg å høyre på. Eg blir i godt humør. Ja, det er dust. Nei, eg kjem ikkje til å stemme på dei. Men jo, eg likar det litt.
Poeng: 8


Ira Konstantinidis - We don't worry
Eg gir ikkje minuspoeng for at namnet er umogleg å skrive på ein iPad utan tastatur. Dette er ein song eg ikkje likte fyrste gong eg høyrte den, men den blir betre. Eg elskar stemma hennar. Den er fin. Spent på om den blir like bra live. Dette er party. Ikkje hæla i taket fangad av en stormvind, men godkjend! 
Poeng: 9

Mørland og Debrah Scarlett - A monster like me
Dette var songen eg var heilt sikker på at skulle vinne då det berre låg ute 15 sekund av kvar låt. La oss seie det slik; den er betre i 15 sekund enn i tre minutt. Songen prøver liksom å vere så djup, så mørk og det lykkast ikkje heilt. Ikkje heilt begeistra for følgjande start: "Honey, I'm telling the truth, I did something terrible in my early youth". Klisje! Tvilar på at dette fungerer live, men viss det gjer, så kan det bli bra. Er nok alt i alt den songen eg likar best, men om eg stemmer kjem an på prestasjonen live.
Poeng: 10

Alexandra Joner - Cinderella
Folk dreg parallellar til Rihanna sin Umbrella. Og det skjønner eg godt; starten er nesten heilt lik bortsett frå at ordet Umbrella er bytta ut med Cinderella. Eg er ingen fan av kopiering. Negativt innstilt frå starten. Og huff; har vi ikkje nok songar om prinser og prinsesser? Men eg gir songen noko; kanskje den med høgast partyfaktor i feltet. 
Poeng: 5

Contrazt - Heaven
Som Frpar er eg programforplikta til å like danseband. Eg kan gaule til Ole Ivars på fest, og kan "Kalle med fela" utanat. Men likevel er eg særdeles skeptisk til danseband i MGP. Men, altså - dette overraskar.  Det svingar. Det fengar. Det er moro. Det er kult. Eg likar det!
Poeng: 6

Jenny Langlo - Next to you
Nok ein tidlegare idolartist. Eg har ikkje hatt tru på nokon av dei som har deltatt tidlegare - bortsett frå Margaret Berger. Dette her prøver å vere noko det ikkje. Jenny Langlo prøver så hardt, så hardt. Med så djup, så djup, så mørk, så mørk stemme. Det fungerer ikkje for meg, altså. Snork!
Poeng: 4

Karin Park - Human beings
Anerkjent låtskriver. Dama bak "I feed you my love". Eg veit det er stygt å si det, men det er nokon som absolutt gjer det bere som låtskrivarar enn artister. Eg tenkjer det er ein grunn til det. Dette er ikkje fælt. Det er ikkje dårleg. Men det er liksom ikkje bra, heller. Og ein treng liksom ikkje absolutt konkurrere i kven om kan gjere musikken mest mogleg spesiell. 
Poeng: 4

Staysman & Lazz - En godt stekt pizza
Du høyrer det liksom allereie på tittelen. Sjølv om eg trur Åge Aleksandersen hadde ein fest-låt med ordet pizza i, er det aldri eit godt teikn med ein slik tittel i MGP. Og det stemmer! Kvifor? KVIFOR? Kvifor, kjære NRK?? Kvifor må de alltid ha med ein harry-låt i denne musikkonkurransa eg elskar? Det øydelegg for absolutt alle!! Også for dei som likar den typen musikk! Neinei. Song som inneheld Roger og møkkamann og Østfold-dialekt blir ALDRI bra. 
Poeng: 1


Så kven vinn? Det blir ikkje Bettan og neppe Karin Park heller. Eg trur Jenny Langlo eller Ira går av med sigaren. Viss Mørland sin låt sitt live, kan den også overraske. Eg gler meg! 


Kommentarer

  1. Mørland og Debrah Scarlett er soleklare favoritter for min del! Beste låta, og flinke artister. Vi sender dem til Wien.

    Men jeg synes du var vel streng med Karin Park. Er en sterk utfordrer. Samme med Jenny Langlo. Og til slutt, Bettan og Endresen har virkelig ikke en bra låt ;-)

    SvarSlett
  2. Det er i alle fall ingen tvil om at vi er meir einige om MGP enn om politikk! I alle fall når det kjem til kven vi meiner er best. Eg håper verkeleg dette blir bra live også - eg likte ikkje musikkvideoen, og håper eg blir meir positivt overraska over live-framføringa. Eg står fast ved at eg tykkjer Karin Park og Jenny Langlo er kjedeleg. MEN eg er einig; eg var nok litt raus med poeng til bettan og Endresen. Det var nok berre for at eg hadde utruleg låge forventingar!! :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…