Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2015

Frå austlandsk raudkolle til Pinot Noir

I dag har eg vore på seminar om biologisk mangfald innan mat og landbruk, arrangert av genressurssenteret. Seminaret hadde fått tittelen "Biologisk mangfald for mat og landbruk - eit viktig grunnlag for verdiskaping og for framtidas matsikkerheit". Eg var invitert til å halde opningsforedraget.

Eg starta sjølvsagt med eit bilete av Valdres og av genetisk mangfald som har vore i Valdres i generasjonar. Dette er mangfald eg er veldig glad i, og på ein snøtung dag i Oslo var det veldig greit å lengte tilbake til ein solfylt haustdag heime i Øystre Slidre i Valdres

Mitt favorittgenetiske mangfald. Kjærasten til høgre i bilete. Den verneverdige storferasa austlandsk raudkolle til venstre i bilete. 

På fredag reiser eg i lag med mitt favoritt-biologiske vesen til Champagne-distriktet i Frankrike. Der skal eg nyte noko av det beste naturen har å by på. Genetisk variasjon og mangfald i sin beste prakt. Eg skal nyte mellom anna druesorten Pinot Noir der han høyrer heime. I eit vinglas…

Frå Cava runners til Labil

Dei som tidlegare har lese på bloggen min, vil ha fått med seg at eg har hatt ei karriere som halvmaratonløpar. Eller det vil si; eg sprang to halvmaraton før eg vart politikar att. Å bli statssekretær er ikkje å anbefale viss du skal bli i betre form. Å vere lærar er mykje betre slik sett (no vil vel sikkert nokon påstå alt har med innstilling å gjere).

Sist eg sprang halvmaraton var i Jølster i juli 2013.

Då såg eg slik ut:

(Sporty og sprek jente i slik eit vakkert landbrukslandskap. Det er jo dit eg vil tilbake!)

No ser eg meir slik ut:

Sur, og oppblåst (for ordens skuld er bilete tatt etter tanntrekking, men det skildrar litt kva for form eg føler meg i).
Litt av suksessfaktoren bak Jølster-maraton var sporty kollegaer og vener. Dei pressa meg og det heile vart ei slags artig greie sidan vi sprang under namnet "cava runners". Vi skulle bli spreke, og vi skulle drikke cava! Sjå berre her kor lukkeleg eg var etter halvmaraton i Jølster:
Jada - har ein løpt i over 20 km kan e…

Det går mot vår!

Det var på laurdag eg skjønte det. Heime på Beitostølen. Mens eg og Trond stod ute og pussa glas(!). Det var kaldt framleis, men sola varma meir enn eg har kjent på lang tid. Når eg stod heilt stille kunne eg faktisk kjenne at ho gjorde meg varm og glad. 
Etterpå kunne vi ta årets fyrste glas vin i solveggen. Det var ikkje varmt akkurat, men det var mogleg å sitte ute. 
Vi kjenner det går mot vår i Landbruks- og matdepartementet også. No handler meir og meir om det kommande jordbruksoppgjøret. No er det berre ein månad att til det brakar laus. 
Måndag betyr buss til Oslo gjennom Valdres. Då eg stod opp klokka seks i dag for å ta fyrste buss frå Beitostølen, såg eg også det går mot vår. Det var lyst ute! Framleis treng eg vantar og lue, men det er lyst. Lykke på jord! Tida eg likar best er her no. Det er vår! Både i by og på bygd.

Når 240 høner vart til 70 kyr

Det er mange ord å halde styr på i landbruket og i landbrukspolitikken. Det er ikkje berre vi politikarar som går i surr i blant. Det kan også skje for journalistar. For kva er eigentleg definisjonen på mjølkeku, ammeku og øvrig storfe? Og kva er eigentleg småfe att? Og kva slags fe var eigentleg den feen vi også kan kalle okse eller ku?

I pressebunken i dag fann eg denne godsaken frå Fosna-folket:


Eg vart ikkje spesielt imponert av 240 fjørfe i eit fjøs. Men at 70 av dei er omdefinert til mjølkekyr - DET gjer meg imponert! 

SMIL=STILK OG MOMLE

Dei må ha hatt det moro. Dei må ha hatt det verkeleg moro dei som satt i lag ein sein arbeisdag og fann på namnet og forkortingane for miljøverkemidla i landbruket. Og nei; eg gjer ikkje narr av verkemidla - eg er begeistra for kreativiteten til dei som har laga desse namna.

Og ja; eg har respekt for dei som har oversikt over alle miljøverkemidla i jordbruket - for det er mange av dei (verkemidlar altså; ikkje folk som har oversikt)!

For ordens skuld; SMIL står for "Spesielle miljøtiltak i jordbruket" og forgjengaren til SMIL var altså STILK (Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap) og MOMLE (miljørettet omlegging i kornområder). Dei to sistnemnde er altså historie og eksisterer ikkje lenger.

I samband med førre års jordbruksoppgjør vart det sett ned ei parttsamansett arbeidsgruppe som skulle greie ut miljøverkemidla i jordbruket. Dei har mellom anna sett på på betre måloppnåing og effektivitet, forenklingar og reduksjon i talet på støtteordningar.

Rapporten frå denne …

Dette er vel ikkje Noreg, vel?

Eg har vore på Svalbard. Eg veit det ikkje er spesielt originalt det eg no skal si, men altså; fy søren så vakkert det er der. Kaldt ja, men utruleg vakkert. Du føler liksom at du er i ein heilt annan del av verda (og det er ein jo på ein måte sidan det er langt dit) og du føler du aldri har opplevd noko meir eksotisk enn dette. Eg er svært begeistra. Ord strekk ikkje til. Så her skal de heller få bilete.

Utsikt frå Sysselmannen sitt kontor. Før vi eigentleg har sett noko særleg, er eg heilt seld. PS: Dette var også fyrste møte med den særeigne svalbardske tradisjonen; ta av deg skoa uansett kor du skal inn hen. Hjå Sysselmannen. På restaurant. På hotell. Av med sko, på med tøflar. Bortsett frå på butikken; der kan du halde skoa på. 

Målsettinga med turen var å markere sjuårsdagen til dette viktige lageret; Svalbard globale frøhvelv. Her er store delar av verdas plantemangfald lagra. Back up-lager kallar vi det. Her er det kopiar av frø lagra i genbankar rundt omkring i verda. Vi kan …