Gå til hovedinnhold

Frå austlandsk raudkolle til Pinot Noir

I dag har eg vore på seminar om biologisk mangfald innan mat og landbruk, arrangert av genressurssenteret. Seminaret hadde fått tittelen "Biologisk mangfald for mat og landbruk - eit viktig grunnlag for verdiskaping og for framtidas matsikkerheit". Eg var invitert til å halde opningsforedraget.

Eg starta sjølvsagt med eit bilete av Valdres og av genetisk mangfald som har vore i Valdres i generasjonar. Dette er mangfald eg er veldig glad i, og på ein snøtung dag i Oslo var det veldig greit å lengte tilbake til ein solfylt haustdag heime i Øystre Slidre i Valdres

Mitt favorittgenetiske mangfald. Kjærasten til høgre i bilete. Den verneverdige storferasa austlandsk raudkolle til venstre i bilete. 


På fredag reiser eg i lag med mitt favoritt-biologiske vesen til Champagne-distriktet i Frankrike. Der skal eg nyte noko av det beste naturen har å by på. Genetisk variasjon og mangfald i sin beste prakt. Eg skal nyte mellom anna druesorten Pinot Noir der han høyrer heime. I eit vinglas - i handa mi.

Har du forresten tips til kva som bør gjerast og opplevast i Champagne, kom med dei. Vi har leigd bil, og har planar om å verkeleg nyte dagane!




Under her kan du lese nokre små utdrag frå opningsinnlegget mitt på dagens seminar (her har eg tatt med dei meir seriøse delane av innlegget mitt - ikkje delen der eg skryt av kjærasten min, eller den delen der eg pratar om det eg hugsar frå biologitimane på vidaregåande - for ikkje å prate om forteljinga om turane eg bruker å ha til favorittbutikken min "Røtter" der eg kjøper importert soya og økologisk søtpotet):



Austlandsk raudkølle er ein av dei seks bevaringsverdige storferasene i Noreg. Desse har Noreg eit særskilt ansvar for å ta vare på og det gjer me. Situasjonen har likevel gjennom dei siste åra vore til dels bekymringsfull og det er blitt gjennomført tiltak for å betre situasjonen.

For berre nokre dagar sidan kunne me lese ei gladmelding – talet på avlskyr aukar for alle dei seks bevaringsverdige storferasene våre. Eg veit at eigarar, avlslag, fylket, genressurssenteret og andre støttespelarar har jobba hardt for å snu trenden. Eg vil få gratulere Norsk genressurssenter med den jobben dei har gjort, og dette lover bra for framtida. Det er likevel viktig å ikkje gje opp, men å jobbe vidare. Og for å klare det, så er det heilt avgjerande at vi klarar å sjå verdiskapingspotensialet i det biologiske mangfaldet. 

Det er ikkje sikkert slagordet ”Redd ei telemarksku, et ho”, slår an i marknaden, men ideen har moglegheit til å gjere det.

Skal vi klare å bevare kurasene våre, må nokon sjå verdien av å ha dei. Det må ikkje bli slik at folk ser på desse dyra som berre ein utgiftspost uansett kor mykje pengar det kjem over statsbudsjettet. Ser ikkje folk vits med å ha ei rase ved at det kan bli tatt ut pengar i markanden, vil vi ikkje klare å ta vare på det genetiske mangfaldet.

Folk må skjønne vitsen. Utover det sjølvsagte poeng at det er viktig å ta vare på rasene og på det biologiske mangfaldet, så er eit språk folk skjønner, kroner og ører. Eg er heilt sikker på at det er mogleg å få meir pengar per kilo kjøtt eller per kilo ost frå dei bevaringsverdige rasene. Her er det eit potensial for å satse veldig offensivt – viss ein ønskjer å gjere det bra, og samtidig gjere noko som er viktig for jorda vår.

Ja – for er det så viktig for jorda vår at vi tek vare på alt dette biologiske mangfaldet då? Gjer det nokon om nokre eplesorter forsvinn, eller nokre kuraser forsvinn. Vi har jo gravenstein, som er det beste eplet – me har jo Norsk raudt fe, som gir oss mest mjølk i Noreg. Treng vi verkeleg alt det andre då?

Sikkert eit latterleg spørsmål her i dette foraet, men eit spørsmål vi nok bør stille oss, og som vi bør bli flinkare til å gje eit klart og godt svar på.

Eg bruker jo alltid å svare som min biologilærar gjorde på vidaregåande. ”Tenk deg at du har ein grunnmur med murstein. Tek du ut ein murstein, så står muren framleis. Ta ut to og det går framleis bra. Kanskje du kan ta ut tre, fire, fem og seks. Men du kan ikkje fortsette å ta ut murstein i det uendelege. Til slutt vil ikkje muren halde seg oppe lenger, og muren vil rase”. 

Det genetiske mangfaldet innan mat- og fôrvekstar er grunnlaget for all planteforedling. Av om lag 7000 planteartar som blir brukt i landbruket, er det berre 30 arter som i hovudsak brødfør folk i verda. Me har gjort oss avhengige av nokre ganske få artar og innanfor desse er det genetiske mangfaldet dramatisk innsnevra. Poenget er jo at i foredlinga veit me aldri når me får bruk for ein ny egenskap. Eit nytt gen. Nye eigenskapar. Alt avheng av alt, og både klima og andre organismer kan setje krav om at me treng andre eigenskapar om tre år enn det me gjer i dag.

Eg kjem jo frå bygda, og der er vi ikkje spesielt begeistra for vern. Det er ein ryggmarg eg kjem til å bere med meg heile livet. Eg kjem alltid til å velge andre alternativ enn vern der det er mogleg. Eg meiner fornuftig bruk er mykje betre enn vern. Det ser vi også for mange av vekstene våre i Noreg. For det biologiske mangfaldet er det betre at områda blir brukt. Det er betre for vekstene i kulturlandskapet at det blir beita der enn at det gror att. For at vi skal utvikle det biologiske mangfaldet innanfor eple, må vi ete eplene. Vi må ete ulike kornsortar for å ta vare på dei.
For meg, som tilhengjar av bruk, er difor slagordet: ”Vil du ta vare på kornsortane? Et dei!” eller ”Redd ein sau – et han!” fantastiske. Det viser jo nettopp det at bruk av landbruksressursane og bevaring av biologisk mangfald går hand i hand. 

Gamle husdyrraser og eldre mat- og nytteplanter gir grunnlag for næringsverksemd knytta til produksjon av særegne produkter med spesielle og ettertrakta eigenskaper. Landsorter av korn fra tidligare tider har ein ernæringsmessig sammensetning som mange etterspør.  Kjøtt av gamle kuraser har ein struktur som er ettertrakta mellom anna av gourmetrestauranter. Gamle saueraser er godt eigna til å halde nede vegetasjonen i kulturlandskap og i verneområder. Opprinnelege stadeigne husdyr og jordbruksvekster er ein del av vår kulturhistorie og kan gi en ekstra verdi til regionale og lokale spesialiter, til kulturlandskap og reiseliv.

Internasjonalt samarbeid er sjølvsagt avgjerande for at vi skal lukkast i arbeidet. Vi kan få bruk for sortar eller artar som stammar frå andre land, og raskare klimaendringar gjer at vi må lære av kvarandre. Samarbeid for å sikre og bruke det biologiske mangfaldet er avgjerande for at vi skal auke matproduksjonen framover og sørgje for at folk i verda har nok mat. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…