Gå til hovedinnhold

Frå Cava runners til Labil

Dei som tidlegare har lese på bloggen min, vil ha fått med seg at eg har hatt ei karriere som halvmaratonløpar. Eller det vil si; eg sprang to halvmaraton før eg vart politikar att. Å bli statssekretær er ikkje å anbefale viss du skal bli i betre form. Å vere lærar er mykje betre slik sett (no vil vel sikkert nokon påstå alt har med innstilling å gjere).

Sist eg sprang halvmaraton var i Jølster i juli 2013.

Då såg eg slik ut:

(Sporty og sprek jente i slik eit vakkert landbrukslandskap. Det er jo dit eg vil tilbake!)


No ser eg meir slik ut:

Sur, og oppblåst (for ordens skuld er bilete tatt etter tanntrekking, men det skildrar litt kva for form eg føler meg i).

Litt av suksessfaktoren bak Jølster-maraton var sporty kollegaer og vener. Dei pressa meg og det heile vart ei slags artig greie sidan vi sprang under namnet "cava runners". Vi skulle bli spreke, og vi skulle drikke cava! Sjå berre her kor lukkeleg eg var etter halvmaraton i Jølster:

Jada - har ein løpt i over 20 km kan ein kompensere med nokre sigarettar. Dei er forresten nesten heilt borte no! Men det er ikkje cavaen!

I Landbruks- og matdepartementet er folk superspreke. Ein årleg tradisjon blant fleire av dei tilsette er sentrumsløpet. Det er 10 km. No er førebuingane i gang. Eg var med i fjor - under føresetnad at det vart cava etterpå. Og cava etterpå er no også blitt ein tradisjon her i Landbruks- og matdepartementet - for vi gjentek suksessen i år! 

Det som ikkje var ein suksess i fjor, var sjølve springeinnsatsen min. Det er noko av det jævligste eg har vore med på. Eg var slett ikkje i form til å springe 10 km, og det var berre vondt. Javisst; eg innser jo at eg aldri blir ein løpar, men at eg skulle vere i så dårleg form hadde eg ikkje trudd (eg skuldar det litt på at eg ikkje har lærarkollegaer som masar på å bli med opp eit par tusen trappetrinn i Høyanger etter arbeidsdagens slutt). 

Eg har tenkt med skrekk og gru på korleis dette skal gå i år. Eg er, om mogleg, i endå dårlegare form no. Tre månader med ryggproblem og etterfølgjande latskap vart avløyst av to månader med smertemareritt i kjeven etter tanntrekking. Kombinasjonen av dette har vore ei Hanne som har vore i tidvis dårleg humør og ikkje "Jølster Maraton-blid".

No skal eg dit att. Eg skal henge opp bilete av meg i Jølster. Eg skal sjå på det kvar gong eg har lyst på sjokolade eller vurderer sofaen. Eg skal bli sprek og blid att. 

Eg såg i dag at det er mogleg å springe 5 km under Sentrumsløpet. Det redda meg. Eg har ikkje sjans til å klare ei mil om ein månad. 5 km skal eg klare. Målet er å springe i fem km og klare det på ikkje altfor mange minutt over 30. Det må gå. Og kanskje, men berre kanskje, spring eg halvmaraton heime på Beitostølen 30.mai. 

No har eg brukt ein halvtime på eit blogginnlegg. No skal eg heim for å kome over den verste mila; dørstokkmila. Følg med - eg held dykk oppdatert fram til 25.april!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…