Gå til hovedinnhold

SMIL=STILK OG MOMLE

Dei må ha hatt det moro. Dei må ha hatt det verkeleg moro dei som satt i lag ein sein arbeisdag og fann på namnet og forkortingane for miljøverkemidla i landbruket. Og nei; eg gjer ikkje narr av verkemidla - eg er begeistra for kreativiteten til dei som har laga desse namna.

Og ja; eg har respekt for dei som har oversikt over alle miljøverkemidla i jordbruket - for det er mange av dei (verkemidlar altså; ikkje folk som har oversikt)!

For ordens skuld; SMIL står for "Spesielle miljøtiltak i jordbruket" og forgjengaren til SMIL var altså STILK (Spesielle tiltak i landbrukets kulturlandskap) og MOMLE (miljørettet omlegging i kornområder). Dei to sistnemnde er altså historie og eksisterer ikkje lenger.

I samband med førre års jordbruksoppgjør vart det sett ned ei parttsamansett arbeidsgruppe som skulle greie ut miljøverkemidla i jordbruket. Dei har mellom anna sett på på betre måloppnåing og effektivitet, forenklingar og reduksjon i talet på støtteordningar.

Rapporten frå denne arbeidsgruppa er no komen og for dei som er interessert i å lære meir, kan de finne den her. 

Denne rapporten har eg brukt tid til å lese den siste veka. Interessant lesing for dei som er interessert i alle dei verkemidla som finst retta inn mot miljø og jordbruk. 


Eg kan i alle fall konkludere med at det er mange tilskotsordningar. Også retta inn mot miljø i jordbruket. Av ordningar eg kan nemne er mellom anna desse (tilfeldig vald ut): friarealer for gås i Nord-Trøndelag  og Nordland, skjøtsel av gamle enger, hesjing, grasdekt vannvei, drift av fellesseter med mjølkeproduksjon, drift av fellesseter med foredling, drift av enkeltseter med mjølkeproduksjon, drift av enkeltseter med foredling og skjøtsel av stølsvoller og seterlandskap. Alle desse er eit lite utval av menyen fylka kan velge mellom i RMP. 

RMP? Veit du verkeleg ikkje kva det betyr? Det er på tide du les deg litt meir opp på miljøverkemidlane i jordbruket!

Og ja..gløymte eg å si det? Ja, sjølvsagt:

Sjølvsagt må vi også følgje dei internasjonale miljøavtalene. Dei finn de også i rapporten!


Og ja; det er vel ingen hemmelegheit at det arbeidsgruppa har jobba fram nok blir tema i årets jordbruksoppgjør. 

PS: Eg veit enkelte sikkert kan meine at eg gjer narr av miljøverkemidla. Det gjer eg ikkje. Eg er oppteken av både kulturlandskap, klima, friluftsliv, kulturarv, plantervern, genetisk mangfald og forureining. Det eg seier er vel kanskje heller at mange gode hensikter har gjort at systemet er blitt noko uoversikteleg. Å ta vare på miljøverdiane i jordbruket skal vi sjølvsagt gjere!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…