På laurdag var det Sentrumsløpet. Eg stilte for idrettslaget "Labil" (Landbruksdepartementets bedriftsidrettslag). Der er folk superspreke, og ingen av dei går eigentleg under namnet "mosjonistar", men er i realiteten toppidrettsfolk kledd som byråkratar (Noregs beste byråkratar OG springarar).
I fjor havna eg i alle fall på sisteplass av alle. Det hadde eg ingen planar om i år - for eg likar ikkje å havne sist.
Men i år sprangeg raskast av alle i Labil. Faktisk! Eg sprang på 31:28. Nest raskast var 41 minutt eller noko.
Og ja; dei andre sprang dobbelt så langt som meg. Eg veit det. Eg sprang 5 km. Dei andre sprang 10.
Samma det vel! Eg er nøgd likevel. Eg var knallsveitt, utslitt og raud i ansiktet etterpå, og måtte nesten spy. Det var målet. Neste år er målet under 30 minutt, og kanskje, men berre kanskje, kan eg klare å springe 5 km raskare enn dei som spring 10 km raskast. Ein gong.
Trener til Sentrumsløpet på Bislett stadion.
Og eg skal fortsette treninga - m…