Gå til hovedinnhold

Dyrepoliti - endeleg!

I dag er ein merkedag for alle oss som er opptekne av at dyr skal ha det bra. I dag lanserer vi eit pilotprosjekt med dyrepoliti i Sør-Trøndelag. 

Framstegspartiet har i mange år kjempa for dyra våre, og har programfesta at vi ønskjer eit dyrepoliti. I dag går startskotet.

Sør-Trøndelag politidistrikt oppretter ei eiga dyrekrimgruppe som har ansvar for saker som gjeld dyrevelferd, og Mattilsynet oppretter eit krimteam som har ansvar for samarbeid med politiet i desse sakene.  Dyrepolitiprosjektet er eit prøveprosjekt som vil vare i tre år og vil bli evaluert undervegs.

Ei formell samarbeidsavtale vil i tillegg sikre betre samarbeid, at arbeidet blir prioritert og at Mattilsynet og Politiet møtast jamnleg.

Vi er mange som er opptekne av at dyr skal ha det bra. Eg trur det er fleire enn meg som blir sinte og fortvila når vi høyrer om vald mot dyr. Sinte fordi ein blir forbanna over at folk kan vere så slemme, og fortvila fordi dyr ikkje har moglegheit til å forsvare seg. Dei er avhengige av at vi menneska faktisk vil dei godt.

Alle er dessverre ikkje snille mot dyr. Det eg er oppteken av, er at vold mot dyr må straffast, og dyrekriminalitet må bli etterforska.

I dette forsøket vil vi få styrka kompetansen på dyrekriminalitet både hjå politi og Mattilsynet. Vi får styrka etterforskingskompetansen hjå politiet på slike saker, og det betyr at fleire kan bli straffa for kriminalitet mot dyr. Det er viktig at vold mot dyr blir etterforska fordi dyr har ein eigenverdi. Å ta desse sakene på alvor vil også ha ein allmennpreventiv effekt.

 Vald mot dyr heng også ofte saman med vold mot menneske. Når vi får auka merksemd på dyrekriminalitet kan det føre til at vi også oppdagar vald i nære relasjonar. Dette er også viktig å ha med seg i diskusjonen. Det å styrke arbeidet retta mot dyrekrim kan altså styrke arbeidet mot vald mot menneske også. 

Håpet er at vi skal sjå auka merksemd knytt til slike saker, at folk ser det blir tatt på alvor og melder frå ved brot på lovverket og at dei som utøver vold mot dyr skal bli straffa. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…