Gå til hovedinnhold

Tre + tare = bioøkonomi

I løpet av året skal regjeringa lage ein bioøkonomistrategi. Det er mellom anna for å synleggjere kva for potensiale som ligg i biomassen vår. Å bruke biomasse kan vere ein måte å auke verdiskapinga i Noreg på ein bærekraftig måte. Det som er økonomisk smart, er også klimasmart. Er det ikkje fantastisk?

Det er skogen som er vårt ansvar i Landbruks- og matdepartementet. Og skogen er vi glad i! men i førre veke traff denne innlandskrabba også på tang og tare.

På torsdag i førre veke var eg "Kystskogkonferansen" i Stjørdal der kystfylka la fram kystskogbruksmeldinga. Eg blir alltid imponert over optimismen som er i skognæringa, og eg reiste vidare frå Nord-trøndelag med smil om munnen. De kan vente dykk ein lengre kronikk om skogbruket i nær framtid, så eg skriv lite om skogbruk denne gongen. De får berre eit bilete.

Eg veit eg ser litt rar ut. Eg starta innlegget mitt med å vise korleis eg spelte grantre på Bagn barneskule då vi sette opp musikalen "Den levende skogen". Eg prøvde å vere morosam. Det er ikkje alltid eg er like flink på å vere planlagt morosam, men eg såg det var nokon som smilte litt. 

Etter dette reiste eg vidare til Fosen og til Åfjord. Det var ein lang køyretur, men det var verkeleg verdt det. Etter slik tre-fire timar kom vi fram til ei perle. Eg pratar om Stokkøya. Ein fantastisk plass bygd opp av kreative menneske - midt ute i havgapet. Og så slik nydeleg mat. Lagd av lokale ressursar både frå jord og hav. 

På stranda fann eg dette! Ser de symbolikken? Frå skog til fjord. Bioøkonomi handlar også om tang og tare. I tillegg til skog. Målet med turen til Åfjord var forresten primært møte med fjellstyret - og det skjedde på stranda(!). Det er kanskje ikkje overraskande at også Åfjord påstår dei er Noreg i miniatyr? :)


I likskap med resten av landet er det også optimisme innanfor sauenæringa i Åfjord. Eg traff på denne flotte skapningen som eg vart veldig god ven med. 


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…