Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mai, 2015

Denne låta vinn årets Eurovision Song Contest

Det er snart klart for årets høgdepunkt. Finale i Eurovision song contest. I år går turen på besøk til Bettina i Nederland (ja, Nederland gjekk dessverre ut i fyrste semifinale). Vi har ikkje sett på MGP i lag sidan vi var på MGP-cruise med Danskebåten (og vann heile quizen!). Då vann Sverige. Det trur eg Bettina håper dei gjer i år også. Eg har null tru.

Her har du mi topp 10-liste til årets musikkfestival. Og ei liste over dei tre dårlegaste.

Dei beste låtene i Eurovision Song Conest 2015
1. Italia. Il Volo - Grande Amore
Det er amorøst. Det er pompøst. Det er Italia, rett og slett! Tre menn frå Italia syng slik berre italienarar kan gjere. Eg har elska denne låta sidan eg høyrte ho fyrste gong. No har låta klatra på oddslistene og er no nummer to. Eg trur det går vegen i år. Endeleg for Italia. Eg er klar i lag med eit kvitt lommetørkle.

2. Storbritannia. Electro Velvet - I'm still in love with you

Jøss, er det Sophie Ellis Bextor som gjer comeback, tenkte eg fyrste gong eg såg m…

New York - utan shopping

Det er noko deprimerande med endeleg (endeleg!) å vere i byen eg alltid har drømt om å reise til, utan å få gått i Sex and the city-jentene sine fotspor. Utan å utforske Times square, utan å sjå frihetsgudinna, utan å shoppe og utan å gå tur i Central Park (eller prøvd å spore opp Central perk).

Det opplevde eg i førre veke då eg var på turbotur til New York for å delta på høgnivåmøte under FNs skogforum. Eg reiste tysdagsmorgon, og etter store forseinkingar var eg framme i New York tidleg tysdagskveld. Eg reiste att torsdagsettermiddag og var altså tilbake i Noreg fredagsmorgon.

Tysdagskveld vart brukt på førebu møtedagen onsdag. Gå gjennom innlegget eg skal halde og høyre litt om kva som har skjedd før eg kom. Folk på embetsnivå har nemlig i fleire dagar (og eigentleg lenge før dei kom til NY) jobba med ministererklæring og resolusjon. Det er krevjande saker.

I seng tidleg, og opp endå tidlegare. På treningsrommet klokka fem om morgonen. Det har aldri skjedd før! Får så tak i adgang…

Bygda møter FN

Eg er klar for min store internasjonale politikardebut. Eg skal til FN. I skrivande stund er eg på veg over til New York og FN sitt skogforum. Eg veit ikkje heilt kva som møter meg der borte. Eg veit at vi har ein delegasjon borte der som har forhandla i fleire dagar. Målet er å kome fram til ei felles ministererklæring. 
Eg skal delta på det som heiter høgnivådelen, der politikarane då deltek. Der møter ei rekkje statsråder på skogfeltet, og ein del statssekretærar. Eg veit eg skal halde eit innlegg der eg fortel om Noreg sin posisjon, men eg veit endå ikkje kva eg skal seie. Det veit eg meir i kveld. Kva eg seier avheng av kor langt dei er komne der borte og kva eg føler er naudsynt å understreke for norsk side. Vi går gjennom dette når eg er framme seinare i dag. 
For eg som alltid førebur meg godt til oppdrag eg skal ut på, er det krevjande å ikkje kunne førebu seg optimalt. Nettopp for at eg ikkje veit kva eg skal førebu meg på. På flyet no les eg meg opp, men det er tungt stoff. E…

Frigjering og veteranar i Finnmark (og litt landbruk også)

Fredag 8.mai fekk eg gleda av å representere regjeringa på arrangement i Kirkenes for å markere frigjeringsdagen og veterandagen.


                      Eg kom opp dit seint torsdagskveld, og då kunne eg sjå sola endå. Utsikt rett mot                                                                            havgapet. Fantastisk.   
Oppe tidleg fredagsmorgon klokka 0600. Sola har vore oppe lenge allereie. Eg blir henta klokka 0715, og brakt ut til Partisanminnesmerket der arrangementet startar. Eg skal halde tale og leggje ned krans.
Her har eg  nettopp halde tala og lagt ned krans frå regjeringa for å markere frigjeringsdagen og for å heidre veteranane våre.
2.verdskrig har sett store spor i Finnmark. Finnmark og Nord-Troms har ein spesiell plass i norsk krigshistorie og var eitt av dei områda i Norge som vart hardast ramma og mest prega av krigen.Nedbrenning og rasering av hus og heim, øydelagte veger og sprengte bruer. Folket her vart satt på store prøvelser. Fylket hadde ei viktig st…

Ei hovudrolle, takk!

Tidleg på 90-talet var eg elev på Bagn barneskule. Skulen sette då opp musikalen ”Den levende skogen”. Eg fekk aldri noko framtredande rolle i musikalen – eg fekk ikkje synge solo eller spele rolla som søt harepus. Eg måtte derimot spele tre. Eg vart plassert langt bak på scena og fekk beskjed om å stå heilt stille, og vere ein traust granbusk.
Det finst knapt større nedtur for små ungar som håpar å bli musikalstjerne, enn å be dei vere tre. Å vere tre blir sett på som den perfekte rolla for dei som aldri får lov til å spele ei hovudrolle. Som ein i mengda, som ikkje stikk seg ut, men som berre er der. Omtrent som alle trea som står i Valdes.
Eg har lett meg fascinere over alt som kan lagast av skog, og av det potensialet som finst i tømmerstokken. Vi veit at vi kan bygge hus av tre, og stadig skjer det nyskaping med tanke på betre konstruksjonar og trearkitektur på byggsida. Skogen har i mange år blitt brukt til brensel, og innanfor bioenergi skjer det stadig utvikling for at vi kan b…