Gå til hovedinnhold

Bygda møter FN

Eg er klar for min store internasjonale politikardebut. Eg skal til FN. I skrivande stund er eg på veg over til New York og FN sitt skogforum. Eg veit ikkje heilt kva som møter meg der borte. Eg veit at vi har ein delegasjon borte der som har forhandla i fleire dagar. Målet er å kome fram til ei felles ministererklæring. 

Eg skal delta på det som heiter høgnivådelen, der politikarane då deltek. Der møter ei rekkje statsråder på skogfeltet, og ein del statssekretærar. Eg veit eg skal halde eit innlegg der eg fortel om Noreg sin posisjon, men eg veit endå ikkje kva eg skal seie. Det veit eg meir i kveld. Kva eg seier avheng av kor langt dei er komne der borte og kva eg føler er naudsynt å understreke for norsk side. Vi går gjennom dette når eg er framme seinare i dag. 

For eg som alltid førebur meg godt til oppdrag eg skal ut på, er det krevjande å ikkje kunne førebu seg optimalt. Nettopp for at eg ikkje veit kva eg skal førebu meg på. På flyet no les eg meg opp, men det er tungt stoff. Eg har skrive tidlegare om at det er stammespråk og forkortingar i forskingsverda. Det er ingenting samanlikna med FN. 

I det fyrste avsnittet eg las møtte eg IAF, UNFF og CPF. Seinare på sida møter eg AHEG2, UNFCC og CBD. Vidare møter eg SDG, SFM, FP, UNDP, UNEP og NLBI. Gjett om eg har hatt bruk for leseteknikkar på ferden! Rosa strek over alle ord og skrive kva det betyr i margen. Men du må gjere det ti gonger før det sitt. Men eg er i ferd med å tilegne meg FN sitt stammespråk.

Eg gler meg. Det blir sjølvsagt spanande å erfare korleis internasjonale forhandlingar foregår, og det blir nyttig for meg å vere med på at prosessane skal gå framover. På skogfeltet er det viktig med samarbeid over landegrensene, og det er jo målet med slike møte. Og ja; det krev sjølvsagt tolmod slike prosessar, og det er naudsynt om ein faktisk skal få effekt ut av dei vedtak ein gjer. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…