Gå til hovedinnhold

Denne låta vinn årets Eurovision Song Contest

Det er snart klart for årets høgdepunkt. Finale i Eurovision song contest. I år går turen på besøk til Bettina i Nederland (ja, Nederland gjekk dessverre ut i fyrste semifinale). Vi har ikkje sett på MGP i lag sidan vi var på MGP-cruise med Danskebåten (og vann heile quizen!). Då vann Sverige. Det trur eg Bettina håper dei gjer i år også. Eg har null tru.

Her har du mi topp 10-liste til årets musikkfestival. Og ei liste over dei tre dårlegaste.

Dei beste låtene i Eurovision Song Conest 2015


1. Italia. Il Volo - Grande Amore

Det er amorøst. Det er pompøst. Det er Italia, rett og slett! Tre menn frå Italia syng slik berre italienarar kan gjere. Eg har elska denne låta sidan eg høyrte ho fyrste gong. No har låta klatra på oddslistene og er no nummer to. Eg trur det går vegen i år. Endeleg for Italia. Eg er klar i lag med eit kvitt lommetørkle.

2. Storbritannia. Electro Velvet - I'm still in love with you

Jøss, er det Sophie Ellis Bextor som gjer comeback, tenkte eg fyrste gong eg såg musikkvideoen til denne låta. Det er rytmer. Det er 60-tal. Det er så lekkert, så lekkert. Du blir i godt humør av denne duetten, som er så søt, så søt. Og nei; det er ikkje Sophie Ellis Bextor. Eg googla. Ikkje ein oddsfavoritt dette, men eg likar det!

3. Slovenia. Maraaya - Here for you

Dette er ein moderne poplåt. Noko eg hadde likt å høyre på radioen. Dette minner om noko eg har høyrt på radioen, og det er eit kvalitetsteikn. Dette er utan tvil semifinale nummer to sin beste låt, og eg satsar på finale for Slovenia i år.

4. Estland. Elina Born & Stig Rästa - Goodbye to yesterday

Duettar er inn i år. Det same er Estland. Mange likar Estland og eg fell for dei eg også. Det er lett likeleg. Koseleg musikk som er ganske interessant å høyre på. Og viktigast av alt; det blir aldri ubehageleg. Ein stor fordel i MGP.

5. Tyskland. Ann Sophie - Black Smoke

Dei direktekvalifiserte er i år best. Og Tyskland har eit sterkt og stemningsfullt bidrag. Prøver å vere så mørk, så mørk, og lukkast ikkje heilt. Men det blir nokre poeng til Tyskland i år. Dette er behagelig å lytte til, og det gjeld slett ikkje fleirtalet av låtene i år.

6. Irland. Molly Sterling - Playing with numbers

Jippi. Irland er tilbake. Med dame med piano. Med djup stemme, og nesten like alvorleg som Lene Marlin. Dette likar vi.  Irland er nesten tilbake i toppen. Der dei høyrer heime. Heia Irland!

7. Portugal. Leonor Andrade - Há Um Mar Que Nos Separa

Eg likar låter eg ikkje forstår noko av i år. Og eg likar låter som aldri går vidare. Portugal har tradisjon for å ikkje gjere det veldig bra. Det gjer dei neppe i år heller, men det er fint. Meir enn fint nok til topp 10 hjå meg.

8. Kypros. John Karayiannis - One thing I should have done

Dette er romantisk, sentimentalt og søtt. Ingen tvil om at semifinale nummer to er sterkare enn nummer 1. Dumt for Noreg, og kanskje dumt for Kypros. Men Kypros har mange vener og eg trur denne går vidare.

9. Spania. Edurne - Amanecer

Eg skjønner ikkje eit ord - til tross for at eg alltid har drømt om å lære meg spansk. Men dette er godt nok til å havne på topp 10. Flott stemning, flott språk og flott dame.

10. Maria Olafs - Unbroken

Ikkje det beste frå Island, men dette er oppe der og bør absolutt gå vidare etter semifinala.

Og dei dårlegaste..


1. Sverige. Måns Zelmerløv - Heroes

Ja, eg veit låta er storfavoritt. Men ho gjev meg ingenting! Eller; det gjev meg omtrent like mykje energi som utstrålinga av eit kjøleskap. Det er platt. Det er daudt. Og ja; beklager til Bettina som eg skal sjå finala i lag med, og som alltid elskar Sverige. Null poeng frå Hanne!

2. Georgia. Nina Sublatti - Warrior

Denne låta gjev meg omtrent same energi som folk som brukar ordet "undertegnede" om seg sjølv. Det vil seie særdeles negativ energi. At denne gikk vidare frå fyrste semifinale skjønner eg verkeleg ikkje. Eg vart redd av framføringa. Både av antrekk, utstråling og låt. Dette er skrekkeleg. Og ikkje på ein skrekkeleg fin måte som "Lordi".

3. Latvia. Aminate - Love injected

Gi meg for all del ikkje nokon injeksjon av denne musikken. Det er skrekkeleg. Eg får lyst til å dra av meg armen og slå nokon med. Det er verre enn dei verste syte og klage-møtene eg har vore på som politikar. Gje meg heller bygdemøte der alle er i mot alt framfor dette!


Og kva trur eg om Noreg?


Eg trur det blir finale. Til tross for at semifinala Noreg deltek i er den desidert sterkaste. Det kan bli utfordrande å gå vidare, faktisk. Men eg håpar i det lengste. Mange duettar i år, som gjer at vi kan ha vanskeleg for å skilje oss ut. Men eg sitt klar med ei flaske cava framfor tven og har trua.


Fun Fact: Det er to låtar som heiter "Warrior" i år. Ingen av dei er spesielt bra.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…