Gå til hovedinnhold

Ei hovudrolle, takk!

Tidleg på 90-talet var eg elev på Bagn barneskule. Skulen sette då opp musikalen ”Den levende skogen”. Eg fekk aldri noko framtredande rolle i musikalen – eg fekk ikkje synge solo eller spele rolla som søt harepus. Eg måtte derimot spele tre. Eg vart plassert langt bak på scena og fekk beskjed om å stå heilt stille, og vere ein traust granbusk.

Det finst knapt større nedtur for små ungar som håpar å bli musikalstjerne, enn å be dei vere tre. Å vere tre blir sett på som den perfekte rolla for dei som aldri får lov til å spele ei hovudrolle. Som ein i mengda, som ikkje stikk seg ut, men som berre er der. Omtrent som alle trea som står i Valdes.

Eg har lett meg fascinere over alt som kan lagast av skog, og av det potensialet som finst i tømmerstokken. Vi veit at vi kan bygge hus av tre, og stadig skjer det nyskaping med tanke på betre konstruksjonar og trearkitektur på byggsida. Skogen har i mange år blitt brukt til brensel, og innanfor bioenergi skjer det stadig utvikling for at vi kan bruke skogen til både flytrafikk og sjøtransport. Men også klede og smakstilsetningar kan du få frå skogen. På eit seminar i førre veke hørte eg til og med om at det vart forska på å bruke skogen til å reparere skader i munnhola. Det er høgteknologisk, spør du meg. Og det frå eit råstoff vi har meir enn nok av!

”Alt som kan bli lagd av olje, kan også bli lagd av tre” høyrer vi ofte frå skognæringa. Og det er dette som er ”det grøne skiftet” vi høyrer om dagleg i mediebilete. Vi må nemlig klare å vri verdiskapinga over til bruk av våre fornybare ressursar. Slik som skogen.

”Bruk” er eit ord eg likar når det kjem til naturressursar. Eg trur meir på bruk enn på vern. Bruk av skogen gir oss to ting samtidig. Å bruke skogen er bra for verdiskapinga, og det er bra for klimaet vårt!

Skogen tek opp og samlar CO2 mens han stadig veks seg større. Mens treet blir til verdiar, samlar det karbon. Når treet blir hogstmodent kan vi skape klimavenlege produkt, samtidig som vi tenar pengar. Så plantar vi nye tre, som nok ein gong kan vekse seg store og bli til verdiar mens dei fangar karbon. Verdiskaping og bærekraft i eitt. Det er ikkje rart ein blir mektig glad i skogen!

Det går så det susar i skognæringa om dagen. Avverkinga er rekordhøg og eg møter optimistiske folk overalt. Det motiverer! Skognæringa har vore ei næring som har klart seg bra på eige hand gjennom mange år – ho er konkurranseutsett, og næringa får lite overføringar over statsbudsjettet. Andre verkemidlar er viktigare for skognæringa!

For Høgre-FrP-regjeringa er det viktig å satse på infrastruktur. Gode vegar er særs viktig for skognæringa – også i Valdres. Vi satsar på infrastruktur frå stubbe til industri. Vi meiner det er viktig å satse på skogsvegbygging for å få trea ut av skogen, og har difor dobla den ordinære løyvinga til skogsvegar frå før vi overtok. Det er også viktig å satse på det ordinære vegnettet, og Høgre-FrP-regjeringa satsar verkeleg på veg og samferdsel. Vegløyvingane har auka med om lag 18 prosent samanlikna med det den førre regjeringa foreslo i 2014, og vi har som ambisjon å byggje mykje meir!

Høgre-FrP-regjeringa reduserer skattar og avgifter, og dette vil kome skognæringa til gode ved at midlane kan investerast i arbeidsplassar framfor å gå inn i statskassa. Regjeringa si satsing på forsking og utvikling er også avgjerande for å lukkast i bioøkonomien – i tillegg til at forenkling av regelverk også er viktig for skognæringa.

Eg trur på lågare skattar og avgifter og mindre offentlige inngrep. Dette meiner eg er rett medisin for å få til meir vekst i økonomien. Eg trur på å bruke mindre offentlige pengar, og når pengane skal brukast skal dei brukast smart - på mellom anna samferdsel og forsking. Dette er mykje betre for næringslivet enn spesifikke overføringar bestemt av politikarar, som ikkje er dei rette til å plukke ut framtidas ”vinnarar”.   


Eg følte meg nok korkje som ein vinnar eller hovudrolleinnehavar då eg tidleg på 90-talet stod rett opp og ned og var tre bakarst på scena i Bagn. Men utan desse trea ville det ikkje blitt nokon musikal. Utan trea blir det heller ikkje nokon bioøkonomi. Vi har ein kjemperessurs ståande i landet vårt, og bør ikkje ha som ambisjon å spele ei birolle. Skogen har alle moglegheiter til å spele ei hovudrolle i økonomien vår framover. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…