Gå til hovedinnhold

Frigjering og veteranar i Finnmark (og litt landbruk også)

Fredag 8.mai fekk eg gleda av å representere regjeringa på arrangement i Kirkenes for å markere frigjeringsdagen og veterandagen.


                      Eg kom opp dit seint torsdagskveld, og då kunne eg sjå sola endå. Utsikt rett mot                                                                            havgapet. Fantastisk.   

Oppe tidleg fredagsmorgon klokka 0600. Sola har vore oppe lenge allereie. Eg blir henta klokka 0715, og brakt ut til Partisanminnesmerket der arrangementet startar. Eg skal halde tale og leggje ned krans.

Her har eg  nettopp halde tala og lagt ned krans frå regjeringa for å markere frigjeringsdagen og for å heidre veteranane våre.

2.verdskrig har sett store spor i Finnmark. Finnmark og Nord-Troms har ein spesiell plass i norsk krigshistorie og var eitt av dei områda i Norge som vart hardast ramma og mest prega av krigen.  Nedbrenning og rasering av hus og heim, øydelagte veger og sprengte bruer. Folket her vart satt på store prøvelser. Fylket hadde ei viktig strategisk rolle for det tyske forsvaret i krigen i nordområda.  Samtidig som hus og heim vart nedbrent og øydelagt, vart store deler av folket tvangsevakuert. Nesten ein 1/3 av folket greide å gøyme seg bort og unngikk å bli flytta. Det var i Finnmark at frigjeringa av Norge begynte.  25. oktober 1944 rykka dei fremste sovjetiske avdelingar inn i Kirkenes og frigjorde dei fyrste delane av Norge. Dei kom til eit rasert fylke, men til eit folk som hadde halde motet gjennom dei lange krigsåra. Lokalbefolkningen som hadde halde ut og dei evakuerte som kom heim, kunne no ta fatt på attreisinga, på å skape eit nytt og betre Norge. For mange var det å starte heilt på nytt. Det var primitive bustader og lite å hjelpe seg med den fyrste tida, men dei viste eit mot, ein oppfinnsomheit og eit samhald som gav attreisinga kraft.                                                                                                                                                                                                 
Det er mykje som imponerer med Finnmark. Både det som skjedde under 2.verdskrig og det som skjer i samtida. Det som er spesielt i Kirkenes er det nære forholdet dei har til Russland. Skilt står både på russisk og norsk, og under arrangementet i Kirkenes sentrum seinare på dagen vart alle taler framført med tolk til anten russisk eller norsk. Alle skal forstå.

Etter markeringa av frigjeringsdagen og veterandagen hadde eg endå mange timar til flyet gjekk. Då vart eg tatt hand om av ordføraren i kommunen. Senterpartiordførar, men i politisk samarbeid med Høgre og FrP. Det er spanande! :)

                          Fekk sett gruvedrift på nært hald.                              

                        
                                Middag med lokale politikarar og også representantar frå bondenæringa. Her har eg tatt eit reint politikarbilete. I lag med ordførar og samarbeidspartia Høgre og FrP. God stemning!

Takk til alle eg møtte i Finnmark for eit veldig hyggeleg besøk. Det gjer ingenting at eg ikkje er heime før midnatt fredag når det vart så hyggeleg. Og ja; eg kjem garantert tilbake!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…