Gå til hovedinnhold

New York - utan shopping

Det er noko deprimerande med endeleg (endeleg!) å vere i byen eg alltid har drømt om å reise til, utan å få gått i Sex and the city-jentene sine fotspor. Utan å utforske Times square, utan å sjå frihetsgudinna, utan å shoppe og utan å gå tur i Central Park (eller prøvd å spore opp Central perk).

Det opplevde eg i førre veke då eg var på turbotur til New York for å delta på høgnivåmøte under FNs skogforum. Eg reiste tysdagsmorgon, og etter store forseinkingar var eg framme i New York tidleg tysdagskveld. Eg reiste att torsdagsettermiddag og var altså tilbake i Noreg fredagsmorgon.

Tysdagskveld vart brukt på førebu møtedagen onsdag. Gå gjennom innlegget eg skal halde og høyre litt om kva som har skjedd før eg kom. Folk på embetsnivå har nemlig i fleire dagar (og eigentleg lenge før dei kom til NY) jobba med ministererklæring og resolusjon. Det er krevjande saker.

I seng tidleg, og opp endå tidlegare. På treningsrommet klokka fem om morgonen. Det har aldri skjedd før! Får så tak i adgangskort til FN-bygningen og er klar til å gå inn i FN-bygningen.


 
FN-bygningen (i litt dårleg lys)

Adgangskortet mitt!

Kjem så inn i eit møterom, der eg enkelt finn plassen min (Det står Noreg på han). Denne dagen er det altså innlegg frå politikarar frå heile verda som er det som skjer. Det foregår ved at statsrådane får prate fyrst og så kjem statssekretærane, og til slutt då dei land som møter med embetsfolk. Eg er nummer 23 på lista og innlegget blir halde på engelsk frå plassen min. Når ein skal halde eit slikt innlegg har du ferdigskrive manus (livredd for å si noko feil). Kunsten då er å framføre det med passe innleving, passe seriøsitet og korrekt engelsk (tru meg; eg las gjennom det nokre gonger med folk frå Landbruks- og matdepartementet som er stødigare i engelsk enn meg).

Debut i FN. Eg kjem gjennom det. Veldig nervøs før eg sett i gang, men går veldig bra, og eg overlevde.

I løpet av dagen møter eg også Tysklands Landbruksminister og har andre møte i tillegg til å følgje med på andre innlegg. Er også ein tur innom den norske FN-delegasjonen for å høyre meir om kva som er dei viktige sakane dei jobbar med. På kvelden er det mottaking hjå Tyskland, så middag og så rett i seng. Dagen etterpå fortsett møte og så er det lunsj med den svenske statssekretæren der vi får diskutert skog verkeleg grundig. 

Så går turen heimover. Søv to timar på flyet, og landar klokka halv ti norsk tid fredag. Midt i innspurten av jordbruksforhandlingane. Som vi veit, gjekk det bra, så då var det berre å ta helg på Beitostølen og nyte snøen 17.mai. 

PS: Eg fekk handla ein ting. Gåve til Trond. På flyplassen. Han seier det er forbudt å kjøpe gåve frå flyplassen, men eg trur han var nøgd likevel. Og ja, eg har planer om å lokke han til å bli med til NY på ferie. For ja; eg skal tilbake!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…