Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra juni, 2015

Lærar - nyt ferien din!

For to år sidan på omtrent den tida her, tok eg min fyrste sommarferie som lærar. Eg har aldri opplevd makan! Eg har aldri vore meir klar for ferie nokon gang. Ikkje fordi jobben var fæl, men fordi eg aldri har vore meir sliten og tømt for energi i heile mitt liv. 

Men eg skal love deg energien kom ganske fort attende når eg sprang heimover frå skulen denne fredagen, og vidare på lærarfest på kvelden. Det regna, men det gjorde ingenting. Eg har aldri drukke vin med betre samvit!

Eg var då kontaktlærar for klasse 8A på Høyanger skule. Det var trist å si adjø til elevane før sommaren, men både dei og eg var veldig klare for ferie. Når midten av august kom, gleda eg meg til å starte opp att. Etter det som virka som å vere ein mykje kortare ferie enn det eg hadde forestilt meg det kom til å bli.

Slik såg eg ut på lærarfesten den fredagen eg gjekk ut i ferie for to år sidan. Veldig blid!
Eg fekk berre omlag to månader i jobben att på hausten før eg forsvann til den jobben eg har no. Det vil…

"Det skal du ha, ditt stygge troll"

Eg tør ikkje bruke ironi på twitter fordi eg veit at folk ALLTID vil misforstå, eller eg kan vere uheldig med ironien min slik at veldig få faktisk forstår at eg var ironisk. Det er vondt å få heile verda mot deg - i alle fall oppleve at ALLE er mot deg. Eg let slike ting gå inn på meg. Eg innrømmer det - eg tykkjer det er vondt å bli behandla stygt og få stygge kommentarar. 
Eg tør ikkje tråkke ut i ting eg veit kan vere vepsebol, og eg burde absolutt vere tøffare i måten eg formulerer meg på. Men eg gjer det ikkje, fordi eg ikkje orkar alle misforståingar, at folk kallar meg dei styggaste ting i kommentarfeltet og at folk absolutt skal tolke ting i verste meining og misforstå med vilje.
Difor er eg full av beundring ovanfor folk som tør å vere fritalande. Som tør å vere politisk ukorrekte. Som tør å lage debatt. Som tør å provosere. Som lar folk bli "støtt". Som tek i mot hets på grunn av meiningane sine. Men som likevel gjer det fordi dei meiner at det nettopp er viktig å d…

Det store sneglemysteriet på Beitostølen

Då eg var liten drømte eg om å bli biolog. Likevel er det mange biologiske fenomen eg ikkje skjønner så mykje av. Som til dømes snegler.

Brunsnegler har vi ikkje på Beitostølen (trur eg). Vi har imidlertid slike skikkelege snegler. Små søte snegler med sneglehus. Slike vi teikna då vi var små.

På laurdag såg eg fleire eg nokon gong har gjort. I løpet av ein gåtur på omlag fire kilometer såg eg omlag femti stk. Dei var på vandring over gangvegen. Dei var også på laurdagstur. Og då ser det slik ut:



Eg tuller ikkje når eg sier det var minst femti. På gangvegen. Eg tør ikkje tenkje på kor mange som tok sjansen på bilvegen og som ikkje lev lenger.

Men kvifor? Kan nokon hjelpe meg? Kvifor fann dei ut at akkurat denne laurdagen ville dei ut på tur? Det hadde regna lenge, og på dette tidspunktet bles det og sola var i ferd med å titte fram.

Dukkar sneglene opp etter regn? Skal dei ut for å ete gras? Er det noko spesielt som dukkar opp i slikt vær som gjør at sneglene vil ut på vandring?

Eg tr…

Går verda snart tom for mat?

I går vart det altså servert mat laga av og på insekter i Mathallen i Oslo. Dette blir jo ikkje gjort berre for moro skuld, men det handlar om at det er eit heitt tema kva vi skal leve av i åra framover. Har vi nok mat til å brødfø ei stadig veksande folkemengde, er spørsmålet mange stiller seg.

Det er litt science fiction-aktig å ete insekt. Eg ser for meg ein katastrofefilm der alt vi kan ete er insekt, og for å klare oss må menneska starte med insektsoppdrett. Gomle grashoppe dagen lang. Til og med presidenten i USA må gomle grashoppe.

Vi har stadig produsert meir mat i verda i takt med at folkemengda har auka, og eg føler meg sikker på at vi kjem til å gjere det i tida framover også. Eg er utviklingsoptimist, og har vore det sidan eg vart oppslukt av teoriane til Ester Boserup då eg studerte utviklingsgeografi ein gong for lenge sidan.

Vi produserer nok mat i verda til å brødfø alle folk i verda når det kjem til kilokalorier. Hovudproblemet er at maten ikkje er er fordelt godt nok…

Tør du ete grashoppe?

I dag kan du teste ut mat laga av grashopper, maur og andre insekter. Dette skjer i Mathallen. Framtidens proteiner kjem frå insekter kan vi lære. Eg måtte sjølvsagt ned dit for å sjekke ut om folk stiller opp på dette. Det gjorde dei.

Tør du? Test deg sjølv hjå "Pestauranten".

Her er det visst servering av sirissar i krydderier. 

Maten går unna. Folk er heilt gale etter å prøve. 

Locustpanerte falafel med tabasco og yoghurt. (Eg googla locus - det er ei slags grashoppe)

Folk i Noreg er opplagt mykje tøffare enn meg. 

Eg testa ikkje ut matretter laga på insekter. Eg er ikkje tøff nok. Det er ikkje ei celle i meg som kunne tenkje meg å knaske i meg ei grashoppe.

Ei heller har eg konkludert på om ideologien min tillet det. Eller skal vi kalle det livvstil. Det er jo ingen hemmeligheit at eg ikkje et dyr som pustar inn oksygen på landjorda og som går på to eller fire bein. Kva skal eg då meine om dyr som går på seks bein? I dag konkluderte eg definitivt med at når eg ikkje et k…

Verdas vakraste fjelleventyr

Det er på Beitostølen det skjer. Og i helga var det altså klart for vårens vakraste happening. Vi pratar om fjelleventyret, Det norske fjellmaraton. 
Sjå for deg Valdresflye i strålande sol. Sjå for deg tre meter høge brøytekantar. Maratonløparar i shorts. Som smiler. Vakker natur. Den vakraste i landet. Valdres på sitt beste. 
Slik vart det ikkje i år. Fredagskveld vart det altså klart at løypene måtte endrast. I staden for at løparar blir bussa 42 eller 21 km vekk frå Beitostølen for så å springe tilbake, måtte dei no starte på Beitostølen, springe oppover i ti kilometer og så snu. Ikkje like vakkert kanskje, men det vart spesielt. Veldig spesielt. 
For meg vart det med denne avgjerda totalt uaktuelt å springe meir enn Miniton. Eg vart då bussa sju kilometer vekk frå Beitostølen laurdagsformiddag. Akkurat nok til å finne snø og uvær. Så værsågod, stå der og vent slik ein times tid til du skal få lov til å springe heim. 

Det snøga sidelengs og det kjentes som nåler i fjeset. Eg måtte stå…

Hest er best

"Hest er best" skreiv jentene i klassa på skinnpenalet sitt. Med svart sprittusj. "Hest er best som pålegg" skreiv gutane på tavla, og skratta godt når dei drog fram den farlege "svartpølsa" som utan tvil var full av hestekjøt. Det stod nemlig på pakka. Og den åt vi berre ikkje av!

Eg vart aldri nokon hestejente som tenåring. Samtidig som eg alltid har hatt ein viss beundring ovanfor desse store og flotte dyra, har eg alltid hatt respekt for ting eg ikkje kan kontrollere. Og hestar har eg aldri hatt som mål å lære meg å kontrollere. Ikkje då. Ikkje no. Men eg er glad i dyr, og vi har ansvar for velferden hjå dyra våre i Landbruks- og matdepartementet. 
Nokon som har kontroll på hestane sine. Det hadde eg aldri klart

Hest betyr mykje for mange. For unge og for gamle. Hest er viktig som rekreasjon, som terapi, innan idrett og ikkje minst gir hestane moglegheit for meistring for veldig mange. 
Det er difor viktig at vi sikrar at hestane har det bra. At dei som h…