Gå til hovedinnhold

Det store sneglemysteriet på Beitostølen

Då eg var liten drømte eg om å bli biolog. Likevel er det mange biologiske fenomen eg ikkje skjønner så mykje av. Som til dømes snegler.

Brunsnegler har vi ikkje på Beitostølen (trur eg). Vi har imidlertid slike skikkelege snegler. Små søte snegler med sneglehus. Slike vi teikna då vi var små.

På laurdag såg eg fleire eg nokon gong har gjort. I løpet av ein gåtur på omlag fire kilometer såg eg omlag femti stk. Dei var på vandring over gangvegen. Dei var også på laurdagstur. Og då ser det slik ut:



Eg tuller ikkje når eg sier det var minst femti. På gangvegen. Eg tør ikkje tenkje på kor mange som tok sjansen på bilvegen og som ikkje lev lenger.

Men kvifor? Kan nokon hjelpe meg? Kvifor fann dei ut at akkurat denne laurdagen ville dei ut på tur? Det hadde regna lenge, og på dette tidspunktet bles det og sola var i ferd med å titte fram.

Dukkar sneglene opp etter regn? Skal dei ut for å ete gras? Er det noko spesielt som dukkar opp i slikt vær som gjør at sneglene vil ut på vandring?

Eg treng hjelp! Nokon må hjelpe meg med å løyse det store sneglemysteriet!

Forøvrig nydeleg i Valdres også i helga. Og mykje hyggelegare å gå heimover med Bitihorn i ryggen enn då eg sprang her for ei veke sidan.

Eg er eigentleg ganske nøgd med kor asfalten går hen på Beitostølen. 

Snart sommar også på Beitostølen. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein