Gå til hovedinnhold

Går verda snart tom for mat?

I går vart det altså servert mat laga av og på insekter i Mathallen i Oslo. Dette blir jo ikkje gjort berre for moro skuld, men det handlar om at det er eit heitt tema kva vi skal leve av i åra framover. Har vi nok mat til å brødfø ei stadig veksande folkemengde, er spørsmålet mange stiller seg.

Det er litt science fiction-aktig å ete insekt. Eg ser for meg ein katastrofefilm der alt vi kan ete er insekt, og for å klare oss må menneska starte med insektsoppdrett. Gomle grashoppe dagen lang. Til og med presidenten i USA må gomle grashoppe.

Vi har stadig produsert meir mat i verda i takt med at folkemengda har auka, og eg føler meg sikker på at vi kjem til å gjere det i tida framover også. Eg er utviklingsoptimist, og har vore det sidan eg vart oppslukt av teoriane til Ester Boserup då eg studerte utviklingsgeografi ein gong for lenge sidan.

Vi produserer nok mat i verda til å brødfø alle folk i verda når det kjem til kilokalorier. Hovudproblemet er at maten ikkje er er fordelt godt nok. Slike som meg et for mykje og kastar for mykje, mens i andre deler av verda har dei ikkje nok mat. Stadig fleire menneske blir riktignok løfta ut av fattigdom og svelt, men framleis svelter for mange i verda.

Kva gjer vi så med dette? Skal vi allereie no starte å ete grashopper eller skal vi skrive leserbrev og arrangere konferanser?

Eg er ikkje glad i store og diffuse tankar om kva vi skal gjere globalt. Det er opplagt behov for global handling både med tanke på landbruk og klima (ofte i kombinasjon), og det viktigaste her er mellom anna forsking og gode mekanismer for å utvikle og dele det plantegenetiske mangfaldet vårt. Eg trur også det er lurt med forsking og utvikling på korleis vi skal ta i bruk nye ressursar, slik som til dømes insekt. Eller gro kjøt i laboratorium for den saks skuld (jada, eg rynkar på nasen eg også). I tillegg til at det viktigaste sjølvsagt er korleis få meir mat ut av dei ressursane vi brukar i dag. For å si det enkelt: Korleis få meir korn ut av same areal?

Det eg trur mest på vil likevel alltid vere enkeltmenneske. Eg trur på den gamle leveregelen om "å tenkje globalt og handle lokalt". Vi må begynne med oss sjølve for at vi skal endre verda. Eg kan prate fine tankar om å redusere matsvinnet i verda, vi kan sikkert til og med innføre lover, avgifter og regler (sjølv om eg ikkje er tilhengjar av det). Det hjelper likevel lite med nye lover om folk ikkje skjønner problemet og ønskjer å gjere noko med det. Makta til fem millionar menneske er mykje større enn 169 politikarar.

Bunnpris har i enkelte matbutikkar innført ein eigen seksjon med "snål frukt og grønt" til redusert pris. Dette gjer dei jo ikkje berre for å vere snille og ta samfunnsansvar, men sjølvsagt også fordi dei utnytter ein trend. Trenden om at folk ønskjer å vere miljømedvitne, dei tek oppgjør mot sløseriet, mot overfloden og ønskjer å gjere noko som er rett. Vi menneske let oss opprøre over fint brukbar mat som blir kasta fordi det ikkje er "pent nok".

Dei snåle grønsakene eg kjøpte er eigentleg ikkje så snåle.

Vi menneske tek avstand frå skjønnhetsideal og det perfekte.Vi ser det på sosiale medium når folk legg ut bilete av seg sjølv uretusjert og absolutt ikkje perfekt. Ingen bilete får fleire "likes" enn desse bileta (kanskje bortsett frå bilete av blide folk på fjelltur).

No er vi også i ferd med "å like" dei grønsakene og frukten som ikkje når opp i den daglege skjønnhetskonkurransa i matbutikkane. Folk ønskjer også at dei ikkje-perfekte grønsakene skal kome til nytte. Difor har eg tru på at Bunnpris sitt initiativ vil funke.

For meg funkar konseptet opplagt. Heldigvis bur eg ikkje langt unna ein av Bunnpris-butikkane som har dette tilbodet her i Oslo. Og dit skal eg fleire gonger. Eg trur også både rike, fattige og studentar vil gjere det same som meg. Kven vil vel ikkje vere miljømedviten og ta samfunnsansvar samstundes som vi sparar pengar?

I tillegg til å handle snåle grønsaker, jobbar eg hardt for at matavfallsposen ikkje skal bli kasta så ofte. Det fungerer i mitt liv, og det vart sving på sakene då det gjekk opp for meg at det gjekk an å fryse ned både urter, matrester, grønsaker og frukt (opplagt lurare enn å tenkje: "det et eg jo i morgon, så eg sett det i kjøleskapet"). No er frysaren full og matavfallsposen tom. Pengar sparar eg også.

Men korleis vart det med desse grashoppene då?

Eg satsar på det kortreiste, eg. Lauk frå Noreg og Bunnpris er å foretrekke framfor grashopper frå Nederland. Og så skal eg love dykk ein ting til; det kjem nok ikkje til å bli innført ei støtteordning over jordbruksavtala til insektsoppdrett.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…