Gå til hovedinnhold

Hest er best

"Hest er best" skreiv jentene i klassa på skinnpenalet sitt. Med svart sprittusj. "Hest er best som pålegg" skreiv gutane på tavla, og skratta godt når dei drog fram den farlege "svartpølsa" som utan tvil var full av hestekjøt. Det stod nemlig på pakka. Og den åt vi berre ikkje av!

Eg vart aldri nokon hestejente som tenåring. Samtidig som eg alltid har hatt ein viss beundring ovanfor desse store og flotte dyra, har eg alltid hatt respekt for ting eg ikkje kan kontrollere. Og hestar har eg aldri hatt som mål å lære meg å kontrollere. Ikkje då. Ikkje no. Men eg er glad i dyr, og vi har ansvar for velferden hjå dyra våre i Landbruks- og matdepartementet. 

Nokon som har kontroll på hestane sine. Det hadde eg aldri klart


Hest betyr mykje for mange. For unge og for gamle. Hest er viktig som rekreasjon, som terapi, innan idrett og ikkje minst gir hestane moglegheit for meistring for veldig mange. 

Det er difor viktig at vi sikrar at hestane har det bra. At dei som handterer hestane veit korleis dei skal gjere dette for å sikre god velferd hjå hestane. Det er også ekstremt viktig å sørgje for sikkerheit innanfor hestebransjen. Både for folk og for dyr. 

Norsk hestesenter og Matmerk har utarbeidd det som heiter "Bransjestandard hest". Ordninga er frivillig og målet er å sikre god hestevelferd og et godt og trygt miljø for tilsette og kunder.  

I førre veke var eg så heldig at eg fekk vere med å markere at dei 14 fyrste føretaka har fått denne godkjenninga. Og det vart gjort på vakre Tjøme ved "Stall verdens ende". Gratulerer så mykje til Stall verdens ende og til alle dei andre som har fått og som kjem til å få denne godkjenninga. 

Har nettopp avduka godkjenningsmerket. Her i lag med stalleigar, Norsk hestesenter, Matmerk og ordførar i Tjøme.


Denne dagen vart eg også 34 år. Det er altså no 20 år sidan "hest er best" var slagord på ungdomsskulen eg gjekk på. Mykje har endra seg på desse åra. Ein ting har ikkje gjort det, og det er at hest framleis er viktig for veldig mange barn og unge over heile landet. 


Hest og ungdom. I harmoni på Tjøme.
 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…