Gå til hovedinnhold

Lærar - nyt ferien din!

For to år sidan på omtrent den tida her, tok eg min fyrste sommarferie som lærar. Eg har aldri opplevd makan! Eg har aldri vore meir klar for ferie nokon gang. Ikkje fordi jobben var fæl, men fordi eg aldri har vore meir sliten og tømt for energi i heile mitt liv. 

Men eg skal love deg energien kom ganske fort attende når eg sprang heimover frå skulen denne fredagen, og vidare på lærarfest på kvelden. Det regna, men det gjorde ingenting. Eg har aldri drukke vin med betre samvit!

Eg var då kontaktlærar for klasse 8A på Høyanger skule. Det var trist å si adjø til elevane før sommaren, men både dei og eg var veldig klare for ferie. Når midten av august kom, gleda eg meg til å starte opp att. Etter det som virka som å vere ein mykje kortare ferie enn det eg hadde forestilt meg det kom til å bli.

Slik såg eg ut på lærarfesten den fredagen eg gjekk ut i ferie for to år sidan. Veldig blid!

Eg fekk berre omlag to månader i jobben att på hausten før eg forsvann til den jobben eg har no. Det vil si at eg har gått glipp av to slike fredagar. Den beste fredagen i året, der du har ein velfortent lærarsommarferie framfor deg, og elevane smiler som du aldri har sett dei smile før! :)

Klassa eg var kontaktlærar for, går no ut av tiandeklasse. Det er rart. Eg hadde jo ein plan om å følgje dei heilt ut. Eg veit likevel at dei har vore i dei beste hender, og går ut av ungdomsskulen som verdas beste elevgjeng! Eg fekk ikkje vore med på avslutninga deira, men sendte av garde nokre bilete frå tida vår i lag, og nokre ord for å vise at eg sett stor pris på dei.

I solidaritet med lærarstanden, tek eg også ferie no. Men berre ei veke, før eg skal passe jobben i heile juli. Det er også heilt greit.

Å ta ferie som statssekretær er også ei god oppleving. Men eg skal innrømme ein ting. kroppen er ikkje like full av adrenalin som då eg tok lærarsommarferie (kanskje eg følte eg fortente ferie meir som lærar?). Den kjensla saknar eg. Då er det fint å vite at eg ein gong kjem til å kjenne på den kjensla att. Eg seier ikkje at ferie er det beste med lærarjobben, men den kjensla du har når du tek ferie, kjem nok på topp 10-lista.

Så til alle hardtarbeidande lærarar der ute: nyt ferien. Du har fortent den. Og bry deg ikkje om alle dei som seier noko anna!

 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…