Gå til hovedinnhold

Ein smak av honning

Rett etter eg møtte kjærasten min min, fortalte han meg at han hadde vurdert å starte med birøkting. Eg såg rart på han og sa: "Det må du ikkje finne på. Då blir du han rare hippien på Beitostølen som driv med bier. Du blir "biemannen"".

Dette var leeeenge før eg begynte i Landbruks- og matdepartementet. I dag har eg vore på mitt fyrste besøk hjå bifolk, og med det har eg fått endå større respekt for desse skapningane, og no tenkjer eg: "Tja..det er kanskje ikkje uaktuelt at vi sett opp nokre bikuber når vi ein gong får oss det småbruket vi drømmer om".

I dag var eg på besøk hjå Noregs Birøkterlag og Honningsentralen. Noregs birøkterlag har 3 500 medlemmar, og det blir stadig fleire. Dei opplever ein stor pågang av menneske som ønskjer å bli medlemmar og som ønskjer å starte med birøkting. Mange av dei i bynære strøk, og dei aller fleste startar i det små. Som hobbybirøktarar. I dag fekk eg oppleve bikubene på nært hald. Det var spanande, og ikkje skummelt i det heile tatt.

Biene var overraskande snille og rolege. Eg tenkjer at "dette kunne eg vel klart med litt opplæring". I dag var biene ekstra snille sidan det var kaldt i vêret. 


Eli Åsen, seniorrådgjevar i Noregs birøkterlag, fortel oss om livet som birøktar og utstyret ho brukar. 

Det er ein trend i samfunnet om at folk vil ha kortreist mat, dei vil vite kor maten kjem frå og så vil dei gjere noko som er bra for miljøet. Desse trendane gjer at stadig fleire ønskjer å starte med birøkting. Det er vel ein slags kindereggeffekt. Tre ting på ein gong. Du får mat. Du får vere i lag med levande skapningar. Og i tillegg bidreg biene med pollinering, som er viktig for plantemangfald og for matproduksjon. Ingen bier - ikkje jordbær og moreller på sommaren!

Bier og birøkting er altså ikkje berre viktig for at vi skal få honning. Det er også viktig for at vi skal få epler, pærer og andre planter vi liker å ete. Og produktet av pollineringsprosessen og at biene hjelper andre planter til å lage mat, er meir mat, altså honning. Naturen er fantastisk!

Vi fekk etterpå smake fersk honning direkte frå bikuba. Smakte godt. Og veldig søtt! 


Lunsjen var sjølvsagt ein "honninglunsj". Mat lagd med honning. Potetsalat med honning, glaserte grønsaker med honning, vannmelon med feta og honning, chevre-pai med honning og honningrundstykke. Fantastisk godt. Oppskriftene er henta frå www.honning.no som er ei side eg garantert skal bruke meir!

Nam, nam-mat!

Etter biebesøk, lunsj og fagprat er det på tide med synfaring hjå Honningsentral (alt ligg saman i Birøktens hus på Kløfta, i Ullensaker kommune). Dei omset honningen som medlemmane produserer, i tillegg til at dei omset importert honning (norskprodusert klarar ikkje dekke behova). Og berre så de veit det: den flytande honningen eg har på yoghurten er ikkje produsert i Noreg. Det går ikkje med norske plantevekster. Det lærte eg i dag!

Obligatorisk selfie i dagens andre antrekk og med honning i lange banar bak meg. 


Dette er den gode gamaldagse honningen med design eg kjenner att frå barndomen. Det var denne eg hadde på brødskiva og i mjølka. Nostalgi!

I dag har eg hatt ein bra dag på jobb. Lærerikt og engasjerande! Vi storkosa oss alle som var med. Eg veit det ser ut som eg var åleine der - men vi var altså både ordførar, lokalpolitikarar og vi var fem frå Landbruks- og matdepartementet (det er berre det att på mobilen min har eg få bilete, og skal eg vente på dei gode bileta som andre har tatt, får eg ikkje blogga før i morgon. Eg vil blogge no!).

Tusen takk til Honningsentralen og til Noregs birøkterlag som tok i mot oss og gjorde dette til ein flott dag for oss alle. Spesielt stor takk til Eli Åsen som har invitert og planlagt alt. Dette var moro! Vi er alle heilt frelst og vil starte med birøkting! 

Eg har allereie klar neste gåve til kjærasten min. Det blir kurs i birøkting, ei bikube og matchande birøkterdrakter til meg og han! 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…