Gå til hovedinnhold

Fleire smakar av Valdres

For kort tid tilbake la Høgre-FrP-regjeringa fram ei stortingsmelding som trekk fram alle dei moglegheitene som finst på små og store gardsbruk i heile landet vårt. Vi ønskjer å løfte fram heltane innanfor landbruksbasert næringsutvikling, nemlig enkeltmennesket som endrar verda. Over heile landet vårt finst det menneske som har klart å kombinere ressursar og kunnskap på heilt nye måtar, og som har skapt noko heilt unikt. Mange av dei finst i Valdres.  Dei er mine heltar.

Småskala osteproduksjon, stølsturisme, stølsmjølk frå Valdres, Fjellgris, Rakfisk frå Valdres, øl frå Valdres og kurv frå Valdres. Dette er nokre av dei produkta landbruket har å by på i regionen eg bur i. I tillegg har vi oppegåande reiselivsverksemder, mykje kultur å by på og eit merkenamn som slår andre regionar langt ned i støvlane.

Det er ikkje størrelsen det kjem an på. Det finst gardsbruk i Noreg som er små, men som klarar å skape mange arbeidsplassar ut av dei ressursane som finst der. Det handlar om å sjå moglegheitene til auka verdiskaping på eigen gard. Det handlar om å kombinere kjende eller ukjende ressursar på nye måtar. Det handlar om å putte kunnskap, kompetanse og kreativitet inn i produkta. Det handlar om å tenkje nytt og utanfor boksen.

Folk etterspør i større og større grad det unike, det stadeigne og det spesielle. Lokalmatmarknaden er i enorm vekst, vi ser at andelslandbruk er blitt særs populært  og det finst ikkje grenser for kva for moglegheiter som finst viss ein kombinerer reiseliv og landbruk. Tida ligg til rette for å auke verdiskapinga med grunnlag i ein gard sine ressursar. Vi ønskjer meir vekst og verdiskaping i fjell, ved fjord, ved by, i daler og på flatbygdene.

Vi ser altså ein trend i samfunnet som ein region som Valdres har alle moglegheiter til å utnytte. Min påstand er at ingen region i heile Noreg har betre føresetnader for å lukkast innanfor matproduksjon enn Valdres.

Det er ein grunn til at Tine satsar stort på stølsmjølk frå Valdres. Dette er jo fordi dei ser moglegheita til å tene pengar på det. Valdres gir assosiasjonar til sæter, til fjell, til budeier, til det reine enkle og kortreiste. Dette er verdiar vi som bur her må bruke i marknadsføringa av regionen.

Det er ikkje talet på statlege arbeidsplassar som kjem til å sørgje for Valdres si utvikling framover. Det er lokale gründerar som ønskjer å få til noko, og som evnar å sjå moglegheitene til å få til noko. Gjerne i lag med offentlege mynde. Men vi kan ikkje setje oss ned på baken og vente på at veksten skal kome til oss av seg sjølv. Veksten må vi skape sjølve.   

Landbruksnæringa er ikkje ei solnedgangsnæring – det er ei næring som har alle moglegheiter til å bli ei vinnarnæring. Regjeringa sett seg som mål at samla omsetnad av lokalmat og -drikke skal vekse frå 3,5 mrd. i dag til 10 mrd. i 2025. Vi ønskjer å auke moglegheita for at lokalmatprodukt skal kome ut i marknaden, og vi ønskjer å gjennomføre forenklingstiltak for gründerane. I stortingsmeldinga er hovudbodskapen at det må bli lettare å skape vekst.

Vi skal seie ja til utvikling, og ja til heltane våre. Vi skal ha mindre byråkrati og færre reglar som set grenser for utvikling. Vi skal satse på innlandsfiskeoppdrett, vi skal få til betre skilting til reiselivs- og matbedriftene og vi skal stimulere til bruk av utmarksressursane. Det må bli slutt på at politikarar ser det som si viktigaste oppgåve å stikke kjeppar i hjula på dei som ønskjer å få til noko, gjennom stadig fleire lover og reguleringar.


Når eg er på ferie i andre land, kjøper eg med meg mat og vin heim. Når eg er heime på Beitostølen i helgene kjøper eg lokalprodusert ost frå Valdres. Stadig fleire menneske kjem til å ønskje ein smak av Valdres – anten det er prat om mat, drikke eller opplevingar. Ingen region i heile Noreg har så mykje å by på og så stort potensiale til å skape meir av dette enn regionen vi bur i. I Valdres finst det mange uoppdaga smakar. Det er opp til oss som bur her å finne dei og tene pengar på dei.   

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…