Gå til hovedinnhold

Fyrst honning, så ost!

Ny arbeidsveke er i gang i Landbruks- og matdepartementet. Heile fire veker att til ferie, men eg har det heilt utmerket på jobb om dagen. Hjernen er mottakeleg for lærdom og eg er i overraskande godt humør. Kanskje fordi det ikkje er sol i dag? Det er mykje hyggelegare å vere på jobb når det er gråvêr ute.

I dag har eg hatt møte med Sabima om situasjonen til villbiene. Det blir færre bier og humler ute i naturen vår, og desse pollinatorane er sjølvsagt viktige for både landbruksnæringa og for naturmangfaldet elles. Talet på bier har gått nedover i mange år, og årsaken skal mellom anna vere at landskapa dei lev i forsvinn og kulturlandskapet blir endra. Det er ei problemstilling som vi sjølvsagt tek på største alvor, men som det dessverre ikkje finn nokon "quick fix" på (som så mykje anna). Nokon vil hevde vi treng fleire pengar til både ditt og datt. Eg vil hevde det verste vi gjer er å kaste pengar etter noko vi ønskjer å løyse, utan at vi er så sikre som mogleg på kva som er det viktigaste for å løyse problemet.

Det som er sikkert er at det er ei aukande interesse knytt til pollinatorar. Både ville og tamme.

På torsdag skal eg besøkje ein gjeng tambier. Norges birøkterlag har invitert meg på besøk til både ein bigård og til honningsentralen. Det gler eg meg til! Det er stor og aukande interesse for birøkting, og eg gler meg til å bli betre kjend med denne næringa. Og med biene (som eg skal innrømme eg fryktar litt i stor flokk, men satsar på det skal gå fint). Lover bilete og blogginnlegg!

Invitasjonen frå Norges birøkterlag er eit direkte resultat av at eg inviterte meg ut på besøk gjennom denne bloggen her. Det funker å vere offensiv! Eg har også fått invitasjon frå Valdresmeieriet.

Fyrst honning, så ost! Funker i kombinasjon og kvar for seg.

Eg har framleis tid til bli kjend med meir av alt det flotte som skjer i landet vårt på landbruks- og matfeltet, så invitasjonar er framleis velkomne!


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein