Gå til hovedinnhold

Straks klar for ferie!

Eg har hatt det utruleg triveleg på jobb i Landbruks- og matdepartementet i juli. Eg har til og med fått oppleve litt korleis det er å ha kollegaer. Som politikar i eit departement elles i året, føler du deg til tider litt åleine. Men i sommar føler eg at eg har fått vore ein god kollega til dei i departementet. Skravla, prata tull, prata fag, hatt felles lunsjer, og vi har til og med vore ute og drukke vin i lag etter jobb (slå den!).

Livet mitt er elles vanlegvis ganske kjedeleg. Eg er på Beitostølen i helgene (stort sett) og då brukar eg tida i lag med han eg elskar høgast på denne jord. Kjærasten min, altså. I vekene er eg i Oslo utan kjærast (eg hatar det!). Då er eg berre på jobb. Så går eg heim i den stusselege pendlarleiligheten min utpå kvelden ein gong, og ser ofte litt på tv. Så legg eg meg. Så står eg opp tidleg dagen etterpå. Og slik går no dagane. I tillegg er det sjølvsagt ein del reising rundt omkring i landet (eller utlandet ein sjeldan gong) - i perioder meir enn andre gonger.

I sommar har eg derimot fått oppleve korleis det er å ha eit liv (utanom jobb og kjærast). Eg jobbar nemlig "normale dagar". Det er heilt skjønt. Og litt rart. Men frustrerande sidan eg ikkje alltid har visst kva eg skal gjere etter eg ferdig på jobb. Eg kan ikkje sitje i leiligheten åleine frå klokka 16 til eg legg meg. Det går jo ikkje.

Så eg bestemte meg for å begynne med yoga. Så to-tre dagar i veka etter jobb har eg vore på yoga.

Og tru meg; eg har så godt av det! Både fordi eg føler at eg er eit menneske med ein hobby, som har eit liv utanom jobben. Og fordi hjerne, hjerte og kropp har godt av det. Eg er veldig anspent. Eg er stiv som ein stokk. Eg har store problem med å konsentrere meg om ein ting av gangen. Eg treng å tvinge hjerna mi til å kople ut. Det er eg i ferd med å klare.

Så på ein måte har tida på jobb i juli vore avslappande og fin. Sjølv om du alltid må vere klar til å svare Nationen, regionaviser, Nrk radio, eller som i går; stille opp i Dagsnytt18. Eg gler meg no til å legge bort mobiltelefonen, og ha skikkeleg ferie!

Turen i ferien går til London, og så ei veke chartertur (Eg har ikkje vore i London sidan eg var speider ein gong på ungdomsskulen, så eg tek i mot London-tips med takk).

Men fyrst skal eg ut med mine herlege kollegaer i Landbruks- og matdepartementet for å ta ein "etter jobb-pils". :)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…