Gå til hovedinnhold

Traktoropplæring pågår!

Eg får ofte spørsmål om eg kjem frå gard eller om eg har tilknyting til gard. Det er tydeligvis blant enkelte sett på som ein nødvendig eigenskap for å vere politikar i Landbruks- og matdepartementet. Eg skal ikkje gå inn på kva eg meiner om den haldninga, men eg bruker å svare: "Nei, men eg et veldig mykje mat". Eller "bestemor mi, som eg heiter opp etter, var deltidssauebonde og senterpartist" (og det må vel bety at eg har det i meg og er kvalifisert?).

Kjærasten min (eller min "betre halvdel", som mange seier, noko som vel betyr "ein del av meg"?) derimot, han er gardsgut. Han kjem fra gard, og sjølv om russenamnet hans visstnok var "Guffen" meiner eg at han er utruleg handy og kan masse gardsting som eg ikkje kan. Det er han eg spør viss det er nokon ting eg lurer på om praktisk gardsdrift og som eg ikkje tør spørje andre om.

I helga køyrte vi traktor saman for fyrste gong. Riktignok skulle ikkje traktoren brukast til gardsarbeid (men det lukta fjøs i han), men til festivalarbeid under Trollrock. Traktoren måtte likevel køyrast frå Fagernes til Beitostølen, og eg fekk sitte på.

Obligatorisk traktorselfie! Finst ikkje noko meir romantisk enn traktortur. Trond ikkje like overbevist.

Det er vakkert i Valdres. Det er det ingen tvil om. Sjølv om det rista godt i traktoren og eg opplevde ein heilt vill forbikøyring (folk er gærne og i alle fall tydeligvis viss dei skal passere ein traktor. Folk MÅ tydeligvis forbi MED EIN GONG!!)

Og når vi kom fram, tok Trond sjansen på å lære meg opp i traktorkøyring. Eg som hatar alt som går på hjul, og som overraska køyrelæraren min då eg faktisk klarte oppkøyringa på bil, prøvde faktisk å køyre traktor. Når eg og Trond ein gong blir småbrukarar, kjem nok han til å ta seg av traktorkøyringa, men eg er oppteken av at også eg må klare slikt. Som den feministen eg er.

Skal ikkje så mykje til for å gjere meg blid. Ting eg ikkje meistrar, på ein god dag, får fram latteren. 

Riktignok fekk eg berre lov til å køyre på lågaste hastighet og berre i nokre meter (festivalgründaren har det travelt ei veke før verdas kulaste festival skal i gang). Men eg køyrte. Og gud så moro eg hadde det!

Eg skal lære meg å køyre traktor. Trond skal få lære meg det. Han påstår eg ikkje er så flink til å ta i mot råd og at eg er ein vanskeleg elev. Men akkurat når det gjeld køyretøy ser eg mine grenser.

Til våren håper eg vi skal på birøkterkurs. Også må vi finne oss eit småbruk. Så er vi i gang, tenkjer eg. Så satsar vi på at Valdres om ikkje lenge får to nye småbrukarar, som garantert kjem til å ha det moro på jobb! I alle fall når vi køyrer traktor.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…