Gå til hovedinnhold

Potetfrø frå Peru og ei jente frå Valdres

Førre veke var ei veke med mykje lærdom og mange inntrykk. Det var også ei veke i potetens teikn (som veldig ofte her i Landbruks- og matdepartementet).

Torsdag gjekk turen til Svalbard. Der skulle eg vere med ein delegasjon frå Peru og Costa Rica, i lag med generalsekretær i FAO (FNs organisasjon for mat og landbruk), NordGen og Global crop diversity trust. Potetfrø skulle deponerast i Svalbard globale frøhvelv.

Frå Parques de la Papa i Peru var det med fleire bønder. Dei som har jobba med poteten i generasjonar. For dei var det ei veldig spesiell reise. Dei skulle plassere frøa sine, som er så sterkt knytt opp mot deira identitet og kultur, i det globale frøhvelvet. Som ein sikkerheit for framtida. For menneskeheita. Forhåpentligvis får vi aldri bruk for frøa i det globale frøhvelvet, men dei ligg der som ein sikkerheit.

I mange minusgrader etter at delegasjonen frå Peru har deponert plantearven sin, potetfrøa, i hvelvet. Her i lag med Marie Haga, som er direktør i Global crop diversity trust, som har ansvar for den daglege drifta av hvelvet.



Rundbordkonferanser høyrer med i internasjonale fora. Det som var bra her var at det var veldig lite babling med honnørord, men veldig konkret. Konkrete resultat av pengane vi brukar er alltid greitt å å få innblikk i. Her i lag med avdelingsdirektør i LMD og generalsekretæren i FAO. 



José Graziano da Silva, som er generalsekretær i FAO, hadde sin fyrste tur til Svalbard. Eg hadde min andre tur. Vi var einige om at det var kaldt der, og at det er viktig at vi blir flinkare til å kople kompetanse mellom bønder og forskarar. Det blir det jobba med internasjonalt, og er avgjerande for å lukkast med det globale arbeidet. I tillegg må vi prate på tvers av landegrenser. 



Vi har mykje å takke poteten for. Potet har vore viktig og avgjerande for våre forfedre. Vi kan jo spørje oss kva vi i Noreg, som ofte er kjent som eit potetland, hadde vore utan poteten. Vi har jo tross alt faktisk overlevd på potet og sild.

Poteten kom frå Peru på 1700-talet. Og er blitt tilpassa vårt klima her langt her nord. Viktig foredlingsarbeid blir gjort framleis, og det blir stadig utvikla nye sortar. Men både gamle og nye eigenskaper er viktig å ta vare på. Arbeidet skjer både i genbankar og i praksis ute på åkrane i heile verda. Og så har vi i tillegg potetfrø lagra som ein ekstra tryggleik på Svalbard.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…