Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra september, 2015

Tilgi meg, kjære Beitostølen.

Eg veit det. Eg forbannar Beitostølen i blant. Når eg møter kilometer med kø i butikken i helgene. Når eg kvar helg må tilbringe åtte timar på buss for å kome meg heim og tilbake på jobb. Når eg blir så forbanna som berre eg kan bli fordi det er dunk-dunk musikk frå uteplassen som er rett over leiligheten vår - klokka to på natta på ein sundag(!).

Men så er det slike gonger som i helga. Når alt er berre så heilt fantastisk. Når eg putter på meg joggesko klokka 10 laurdagsformiddag og eg treng berre å gå frå stovedøra i slik omlag 20 minutt, og det som møter meg er dette: 

Det er ein skam å innrømme. Men eg har budd på Beitostølen i snart to år, og det er fyrst no eg begynner å utforske nærområda mine. No har eg funne meg masse fine fjellrunder, som ikkje treng ta lenger tid å gå enn ein time (slapp av fjellfreaks, det er også mogleg å gå lenger, men eg er ikkje fanatisk endå). Ein må altså ikkje ta med termos, nistepakke og ha ein haug med utstyr for å kome seg til fjells. Det held fa…

Bygda møter Bybi

Trond har lenge hatt ein drøm om å starte med birøkt. Eg vart meir interessert i å bli med på planen då eg tidlegare i år var på besøk hjå Noregs birøkterlag.

I alle fall - for å få ein fyrste smakebit meldte vi oss på "En smak av honning" på Mathallen, som er eit arrangement underØkouka, som foregår denne veka her i Oslo.

Bybi har altså bikubene sine på taket på Mathallen, og marknadsfører seg sjølvsagt som urban birøkting. Verkstaden starta på taket, der vi fekk sjå på bikubene.

På taket
Bikubene på taket. Dessverre vart vêret dårleg og vi fekk ikkje vore med på hausting av honning slik som var planen. Honningen vart difor hausta dagen før, noko som gjer at det berre er att ein etasje i kubene. Biene får no mat og skal bli gjort klare for vinteren.

Trond ved to av bikubene, som er blitt designa av Snøhetta. Lite aktivitet frå biene når det er regn og kaldt, men ein og anna speider såg vi som flaug utanfor. 


Honningslynging og honningrensking Del to av verkstaden er inne. Der s…

Kjære kyrkjekontoret i Øystre Slidre: her har de stemma mi!

Fredag 4.september tok eg meg kontorfri frå jobben og reiste heim til Beitostølen. Målet mitt var å stemme til valet - både lokalvalet og kyrkjevalet. Eg visste eg ikkje hadde moglegheit til å kome meg heim valdagane, og det var difor avgjerande for meg å få røysta på førehand.

Torsdagskvelden brukte eg og Trond tida på å gå gjennom alle vallister til kommunevalet for å sjå kven vi skulle gje slengarar. Vi gjekk også gjennom lista til soknerådsvalet og vi gjekk gjennom kandidatpresentasjonene til bispedømmerådet. Eg noterte ned kven eg ønskja å stemme på slik at eg kunne ha med jukselapp til vallokalet.

Øystre Slidre kommune hadde annonsert at vallokala var opne til klokka 14 kvar kvardag. Vi var difor ute i god tid før lokala skulle stenge. Å stemme til kommunestyre og fylkesting gjekk som ein leik.

Så går vi ned til kyrkjekontoret i Øystre Slidre der vallokalet er. Der møter vi ei stengt dør. Vi er noko sjokkerte. Vi går opp i resepsjonen på kommunehuset. Spør kva som skjer her? Ho …

Gris i Blåfjell

I går var eg på landbruksbesøk i Vefsn kommune. Det var ein spesiell oppleving for meg. Dette er kommuna namnet mitt kjem frå - røtene mine frå farsida stammar herfrå.

Fyrste besøk var på Stall Evipasjen. Der får eg møte ein utruleg dyktig drivar, fysioterapeuten i kommuna, som også er hesteterapeut, to elevar og ein forelder. Eg fekk høyre om korleis du kan nytte hesten til bruk for å betre motorikk, til det sosiale og til det fysiske og psykiske. Brukarane opplever framgang og kommunen bruker dette tilbodet til fleire av dei som har behov.

Utruleg lærerikt. Fekk høyre mykje (og sjå) om korleis dei gjer dette og elevane fortalte om si erfaring. Veldig nyttig. Hest er så mykje meir enn berre rekreasjon! 


Måtte jo sjølvsagt prøve sjølv også (du veit ikkje korleis ting fungerer før du har prøvd det sjølv). Eg fekk høyre eg såg ut som ein potetsekk, men etter kyndig rettleiing fekk eg verkeleg testa balansen min (og ja, eg kunne hatt godt av meir terapiridning). 

Etterpå var eg på besøk ho…

Grønsaker frå Slidreøya og røysting på Tingvang

Det er flott å vere heime i Valdres i helgene. Denne helga fekk eg til og med tatt meg ein tur til Fagernes for å kjøpe grønsaker frå Slidreøya fengsel. Dei dyrkar altså grønsaker, og sel ein del av det dei ikkje bruker sjølve til oss vanlege forbrukarar.

På marknad på Fagernes og kjøpte ein haug med grønsaker frå Slidreøya. Purrelauk, rotgrønsaker, squash, grønnkål, sukkererter og mykje anna. Har ete minst fem om dagen i helga!


For fyrste gong stemte eg før valdagen. Har alltid sett pris på å pynte meg og gå i vallokalet på valdagen. Denne gongen gikk ikkje det, sidan eg er i Oslo på valdagen. Ettersom eg hadde planer om å gjere endringar på røysteseddelen fekk eg ikkje førehåndsrøysta i Oslo. Partivalet er sikkert ingen hemmelegheit, men eg nytta høvet til å gje personstemmer og slenge eit par namn inn på lista. Det er det fine med kommuneval - at det også er mogleg å stemme på personar frå andre lister, som du likevel har tru på!


Obligatorisk bilete etter at eg stemte for fyrste gong…

Å plante ein CO2-fangar.

Eg har planta tre tre i mitt liv. Det tredje treet planta eg no på sundag i Steinkjer. Det var for å markere oppstarten av treplanting som klimatiltak. Det skjedde i lag med Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.


På plass på plantefeltet i Steinkjer i lag med Tine Sundtoft. Planting skal skje på nye areal og her er det rydda kratt og attgroing for å plante CO2-fangarar. 

Fyrste gong eg planta eit tre var som barneskuleelev heime i Bagn. Eg hugsar det var stor stas og at me hadde både for- og etterarbeid der me lærte om kor viktig det var med skogplanting. På denne tida (80-talet) vart det planta om lag 70-75 millioner planter kort år. Det siste tiåret har det vore om lag 20 millioner planter kvart år.  
Eg meiner det er viktig for skognæringa, og for samfunnet, at skogplanting kjem på dagsorden att. Tømmer er ein fornybar ressurs som et moderne samfunn treng. Ressursgrunnlaget i skogbruket vil svekkast om vi ikkje investerer meir i skogen.
Eg ser den skogplantingen vi no startar opp, som…