Gå til hovedinnhold

Å plante ein CO2-fangar.

Eg har planta tre tre i mitt liv. Det tredje treet planta eg no på sundag i Steinkjer. Det var for å markere oppstarten av treplanting som klimatiltak. Det skjedde i lag med Klima- og miljøminister Tine Sundtoft.


På plass på plantefeltet i Steinkjer i lag med Tine Sundtoft. Planting skal skje på nye areal og her er det rydda kratt og attgroing for å plante CO2-fangarar. 


Fyrste gong eg planta eit tre var som barneskuleelev heime i Bagn. Eg hugsar det var stor stas og at me hadde både for- og etterarbeid der me lærte om kor viktig det var med skogplanting. På denne tida (80-talet) vart det planta om lag 70-75 millioner planter kort år. Det siste tiåret har det vore om lag 20 millioner planter kvart år.  

Eg meiner det er viktig for skognæringa, og for samfunnet, at skogplanting kjem på dagsorden att. Tømmer er ein fornybar ressurs som et moderne samfunn treng. Ressursgrunnlaget i skogbruket vil svekkast om vi ikkje investerer meir i skogen.

Eg ser den skogplantingen vi no startar opp, som ein vidareføring av tidlegare skogplanting. Dette blir ein dugnad for å sikre at framtidige generasjonar kan hauste av skogressursene og dekke samfunnets behov for fornybart trevirke – og samtidig ta opp meir CO2 gjennom skogen kvart einaste år. 


Eg har planta eit tre - for fyrste gong i Nord-Trøndelag. Gjett om det skal vekse seg stort! Fylkesmann Inge Ryan kontrollerer (som ein fylkesmann skal gjere).


Å plante tre er det grønne skiftet i praksis. Det er bioøkonomi. Det er grønn økonomi. 

Eg er usikker på om treet eg planta då eg var ein åtte-ni år heime i Bagn lev og veks framleis og om det tek opp CO2. Eg har derimot som mål at treet eg no har planta skal bli det største og beste som veks i heile Nord-Trøndelag, og at det skal ta opp CO2 i mange år etter at eg har slutta som statssekretær.  

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…