Gå til hovedinnhold

Bygda møter Bybi

Trond har lenge hatt ein drøm om å starte med birøkt. Eg vart meir interessert i å bli med på planen då eg tidlegare i år var på besøk hjå Noregs birøkterlag.

I alle fall - for å få ein fyrste smakebit meldte vi oss på "En smak av honning" på Mathallen, som er eit arrangement under Økouka, som foregår denne veka her i Oslo.

Bybi har altså bikubene sine på taket på Mathallen, og marknadsfører seg sjølvsagt som urban birøkting. Verkstaden starta på taket, der vi fekk sjå på bikubene.

På taket


Bikubene på taket. Dessverre vart vêret dårleg og vi fekk ikkje vore med på hausting av honning slik som var planen. Honningen vart difor hausta dagen før, noko som gjer at det berre er att ein etasje i kubene. Biene får no mat og skal bli gjort klare for vinteren.


Trond ved to av bikubene, som er blitt designa av Snøhetta. Lite aktivitet frå biene når det er regn og kaldt, men ein og anna speider såg vi som flaug utanfor. 



Honningslynging og honningrensking

Del to av verkstaden er inne. Der står bretta med honning frå bikubene (sikkert ikkje rett å kalle det brett, men de skjønner kva eg meiner). 

Honning. Hausta i går. Rammene er tyngre enn ein skulle tru. Fulle av honning. 



Neste del i prosessen er å skrape av voksen utanpå honningen før den skal slyngast. Tidkrevjande!



Trond i full gang med vokseskraping. Eg hjalp også til, altså!


Etter at vi har skrapa av voksen kan vi putte rammene inn i slynga. Dei blir slynga rundt slik at honningen blir slengt ut til sidene og så kan kome ut frå krana. 


Slik ser det ut når honningen kjem ut. Den blir no sila to gonger for å få bort det som er att av voks. 


Drinkmiksing!


Siste del av verkstaden er drinkmiksing. Vi skulle lage to drinker med same innhald. Einaste skilnaden er at ein er varm og ein er kald. Innhaldet er altså honning(!), sitron, rom og vatn. 

Fyrste steg. Renske og mose sitron. 


Blandar saman med det andre, så er det berre å riste. Det var tyngre og kaldare enn ein skulle tru.



Så ferdig. Og vi kan drikke. Nydeleg honningdrink (som eg ikkje hugsar kva heitte). 



Sjølv om vi ikkje fekk prøvd oss som birøktarar, men berre som arbeidarar og bartendarar, er lysten til å starte med bier framleis der. Denne dagen var nok det vi likte best drinkmiksinga, men vi satsar på nybegynnarkurs til våren, og at vi då får sol og varme, slik at vi også får helst på nokon av desse biene vi er så glad i. :)



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein