Gå til hovedinnhold

Gris i Blåfjell

I går var eg på landbruksbesøk i Vefsn kommune. Det var ein spesiell oppleving for meg. Dette er kommuna namnet mitt kjem frå - røtene mine frå farsida stammar herfrå.

Fyrste besøk var på Stall Evipasjen. Der får eg møte ein utruleg dyktig drivar, fysioterapeuten i kommuna, som også er hesteterapeut, to elevar og ein forelder. Eg fekk høyre om korleis du kan nytte hesten til bruk for å betre motorikk, til det sosiale og til det fysiske og psykiske. Brukarane opplever framgang og kommunen bruker dette tilbodet til fleire av dei som har behov.

Utruleg lærerikt. Fekk høyre mykje (og sjå) om korleis dei gjer dette og elevane fortalte om si erfaring. Veldig nyttig. Hest er så mykje meir enn berre rekreasjon! 



Måtte jo sjølvsagt prøve sjølv også (du veit ikkje korleis ting fungerer før du har prøvd det sjølv). Eg fekk høyre eg såg ut som ein potetsekk, men etter kyndig rettleiing fekk eg verkeleg testa balansen min (og ja, eg kunne hatt godt av meir terapiridning). 


Etterpå var eg på besøk hos bonde Ståle Granmo (fantastisk fin fyr og flott familie - ærlege, rett fram og optimistiske, men med klare meldingar). På garden driv dei med svin og storfe. Der fekk eg oppleve min fyrste grisefødsel. Eg har ikkje bilete av det (var redd for å forstyrre), men altså, dei grisene er utruleg små samanlikna med Mamma'n. Og etter to dagar (det var også to dagars gamle ungar der) ser dei akkurat ut som marsipangrisar. Helledussen! Eg skal ha meg ein gris når eg blir stor.

Og til orientering: ein grisefødsel foregår ikkje som i Anne B. Ragde-bøkane. Eg prøvde meg på å late som eg hadde peiling på grisefødslar og spurte om ikkje kanskje ein måtte passe på så ikkje mora gjekk til angrep på ungane. Då fekk eg høyre at røynda ikkje er som i bøker (men eigar skjønte referansa til Berlinerpoplene). Moro! :)

Vi gjekk (sjølvsagt) ikkje inn til grisane. Men storfe fekk vi treffe. Eg var inne i det største storfefjøset eg nokon gong har sett. Store bruk er også ein del av norsk landbruk, sjølv om det meste har mindre dimensjon enn dette. Over 200 storfe fekk eg treffe - nokon av dei inne i sine siste levedagar.

Har sjelden møtt meir sosiale dyr enn storfe frå Nordland (i tett konkurranse med geiter). Traff fleire raser, men (nesten) alle like tamme. Her ser du nokon som prøvde å ete meg opp (eventuelt bruke meg som kløstativ). Eg prøvde å si til dei at sidan eg ikkje et storfekjøt, burde dei halde seg unna meg, men det hjalp ikkje. 


Og ja, gardsbruket låg rett ved Blåfjell, som du kan skimte bak her. Eg var på toppen av dette fjellet for over ti år sidan. Satsar på det ikkje blir ti år til neste gong eg er her. 


Til tross for ein veldig lang (og slitsam) dag, kjem eg att med meir energi. Dette var ein super oppleving - med hyggelege og positive folk. Det er oppmuntrande!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…