Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra oktober, 2015

Kor mykje kan ein skryte av Valdres før det blir kvalmt?

Eg er stolt av Valdres. Eg brukar alltid å prate om Valdres når eg er ute på tur i jobben min. I innlegg eg held fortel eg om alt det flotte i Valdres, og viser stolt fram døme som rakfisk, ost, fjellgris og unike overnattingsopplevingar og matopplevingar.

Dette betyr ikkje at eg likar alt med Valdres og at eg ikkje er kritisk til mykje (men det skal eg la ligge no). Men eg er veldig stolt av Valdres og mange av gründarane som har fått til mykje innanfor reiseliv, lokalmat og landbruk. Eg er stolt av mykje av det som er gjort på merkevarebygging.

I morgon skal eg til Hordaland og Bergen. Eg skal prate om mat i reiseliv. Og jada - eg skal innrømme det. Reiselivsdestinasjonane på Vestlandet slår sikkert Valdres ned i støvlane på enkelte ting. Det gjør nok sikkert også kokkane der (til dømes i Austevoll). Kanskje også turistattraksjonane (preikestolen og slikt). For ikkje å prate om drikke (i alle fall for oss som er meir glad i cider enn i øl). Så eg skal jo skryte og trekke fram gode d…

Tøff hjå tannlegen

Eg trur eg er ganske tøff. Eg trur sjølv at eg berre er redd edderkoppar. Mogleg eg er redd skorpionar og andre dyr eg sjelden møter også. Når eg tenkjer etter er eg heller ikkje spesielt tøff når det kjem til høgder. Også er eg redd for sprøyter (spesielt dei som blir sett i munnen). Og blodprøver. Og no er eg også redd for tanntrekking.

I går trakk eg visdomstann nummer tre. Dei to førre trakk eg for eitt år sidan. Etter den fyrste tanntrekkinga hovna eg opp og såg ut som ein ballong i ei veke. Etter tann nummer to låste kjeven seg og eg klarte ikkje gape på to månader.

Eg har difor utsett trekking av tann nummer tre i det lengste, men på eitt eller anna tidspunkt seier tannlegen berre; no må du bli ferdig med det! Og det gjorde min veldig bestemte tannlege for tre veker sidan.

Eg har no grua meg til trekking av tann nummer tre i tre veker. I helga måtte eg meditere bort dei skumle tankane. Natt til måndag hadde eg mareritt heile natta, og vakna opp heilt utslitt.

Eg skulle til tann…

Good evening Europe

Siste dag av ministerkonferansen er snart slutt. I dag har vi signert ministererklæring og andre dokument. Vi har hatt pressekonferanse og gode samtaler med europeiske kollegaer. 
Signering på gang. 
Det er ikkje veldig kvinnedominert på ministerkonferanse i Forest Europe. Men vi er fleire unge kvinner. Her er eg i saman med Miljøminister i Luxembourg og statssekretær for miljø i Polen. 
No tre timar att før vi kan si Good evening Europe - for denne gong.

Nesten Eurovision song contest

Eg bruker å seie at det viktigaste for å knyte Europa tettare saman, er Eurovision song contest. Eller Melodi Grand Prix, som vi kallar det her heime. 
Dessverre kjem eg aldri til å få delta i mgp. I dag har eg likevel fått mine tre minutt "representing Norway". 
I dag og i morgon deltek eg på ministerkonferanse i Forest Europe. Her diskuterer vi og blir einige om vidare samarbeid på det skogpolitiske arbeidet og korleis vi skal styrke den grønne økonomien. 
Eit knippe europeiske ministrar, statssekretærar og andre delegasjonsleiarar. Mannsdominert, ja. Eg gøymer meg på venstre side i bilete. 
Frå denne plassen held eg innlegget i dag og skal halde nytt innlegg i morgon. Eg tenkte etter eg hadde prata i tre minutt at dette nok er det næraste eg kjem melodi grand prix. 
12 points. To Norway!
For fyrste gong skriv eg blogginnlegg frå mobil. Derfor kort i dag. I morgon fortsett ministerkonferanse. Oppdatering kjem. 

Frå Lillehammer til Madrid

I morgon tidleg må eg opp klokka fem på morgonen. Reiseantrekket kjem til å vere jeans og t-skjorte, joggesko og boblejakke. I veska mi kjem eg til å ha ei dressjakke og eit par høghelte sko eg kan ta på når eg kjem fram. I kofferten min har eg svarte skjørt, fine kjoler, tynne strømper, nypussa sko og eit par skjorter.

Det fyrste antrekket er vanleg på tur i Landbruks- og matdepartementet. Det eg har i kofferten er meir uvanleg. Og ja, du har heilt rett. Eg skal ikkje på gardsbesøk. Ei heller skal eg på medlemsmøte i Bondelaget. Eller i Framstegspartiet.

I morgon tidleg reiser eg til Lillehammer. Der skal eg vere i omlag 2,5 timar før turen går tilbake til Gardermoen. Flyturen går til Madrid og ministerkonferanse i Forest Europe. Der skal eg altså møte mange andre europeiske politikarar som har ansvar for skogpolitikken i sitt land. Vi skal møtast for å diskutere vidare europeisk samarbeid på skogfeltet. Og så skal vi formelt sett bli einige om ein del ting (men slik eg forstår det e…

Ein grøn dag på Hamar

I førre veke vart statsbudsjettet lagt fram. Denne dagen er ein av få dagar i løpet av året at eg pratar om andre ting enn landbruks- og matpolitikk (83 % av budsjettet vårt er allereie bestemt tidlegare i år, så det kjem svært lite nytt her). I år vart eg sendt til Hedmark for å legge fram den glade bodskap om eit budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling. 

Tidleg oppe for å ta toget til Hamar. Er spent. Har brukt dei to siste dagane på å lese meg opp på budsjettet (på andre område enn mitt eige), og bruker togturen til å drikke kaffi og repetere (og lære meg nye ord på skatt, arbeid og næring). 

På Hamar valde vi å presentere budsjettet på Hedmark kunnskapspark. Der finn vi mange av dei heltane vi må løfte fram og som blir viktige i det grøne skiftet. Gründarar med ein ny idè, som tør å satse, som tør å kombinere kunnskap på nye måtar. Formuen til Noreg er ikkje på havbotnen, men i hovuda til folk. Det er viktig vi har gode rammevilkår for desse menneska.

Midt i blinken å kome hit …