Gå til hovedinnhold

Frå Lillehammer til Madrid

I morgon tidleg må eg opp klokka fem på morgonen. Reiseantrekket kjem til å vere jeans og t-skjorte, joggesko og boblejakke. I veska mi kjem eg til å ha ei dressjakke og eit par høghelte sko eg kan ta på når eg kjem fram. I kofferten min har eg svarte skjørt, fine kjoler, tynne strømper, nypussa sko og eit par skjorter.

Det fyrste antrekket er vanleg på tur i Landbruks- og matdepartementet. Det eg har i kofferten er meir uvanleg. Og ja, du har heilt rett. Eg skal ikkje på gardsbesøk. Ei heller skal eg på medlemsmøte i Bondelaget. Eller i Framstegspartiet.

I morgon tidleg reiser eg til Lillehammer. Der skal eg vere i omlag 2,5 timar før turen går tilbake til Gardermoen. Flyturen går til Madrid og ministerkonferanse i Forest Europe. Der skal eg altså møte mange andre europeiske politikarar som har ansvar for skogpolitikken i sitt land. Vi skal møtast for å diskutere vidare europeisk samarbeid på skogfeltet. Og så skal vi formelt sett bli einige om ein del ting (men slik eg forstår det er vi eigentleg einige, eller einige om å vere ueinige, før vi kjem ned dit).

Slike internasjonale samlingar er krevjande. Krevjande av fleire grunnar:

1. Du må halde ferdigskrivne taler og innlegg som du ikkje kan setje personleg preg på - og for all del; improviser ikkje! (eg representerer heile landet og kan ikkje tillate meg å vere personleg og politisk på same måte som eg i blant er her heime).
2. Alt er veldig formelt, og veldig mange frå land du eigentleg ikkje veit nokonting om, skal small talke på ein veldig formell måte og brukar forkortingar du aldri har høyrt om
3. Eg må kle meg korrekt og formelt - sjå ut som eg kunne glidd rett inn i ei episode av House of Cards.
4. Eg likar å ha kontroll, men i møte med internasjonale kollegaer føler eg meg som ein fisk på land heile tida
6. Lange middagar og du er må vere blid heile tida - og så må du late som du hugsar kva GCC betyr.

No er det sundagskveld og eg sitt på kontoret mitt i Landbruks- og matdepartementet (det er forresten ikkje vanleg for meg å jobbe sundagar, altså). Eg har sett gjennom dei tre innlegga eg skal halde der nede i Madrid. Lese gjennom, retta opp nokre få tastefeil og sjekka ein siste gong at innlegget blir formelt, men ikkje intetsigande. Sjekke at eg kan uttale alle orda eg seier. Les høgt og lurer på om engelsken min eigentleg er betre enn Torbjørn Jagland sin.

Eg trykker på printknappen. Klar til å systematisere og legge inn i plastmapper. Lagrar også alle innlegga på minnepenn. Slik at eg er heilt sikker på at eg har det der om eg skulle miste dei eg har på papir (som eg aldri gjer). Skriv ut ein ekstra kopi også - slik i tilfelle.

Ser så gjennom power pointen eg skal bruke under foredraget på Lillehammer. Om korleis vi vil legge til rette for å bruke heile garden som ressurs. Å formidle politikken vår til kommunalt tilsette innanfor landbruk i Oppland fylke. Det er luksus. Å få prate om reiseliv, lokalmat, inn på tunet, tilleggsnæringar til dei som jobbar med dette dagleg. Å få skryte av alle dei kreative menneska som finst i Oppland.

Eg gler meg. Men eg gruer meg til å stå opp klokka fem i morgon tidleg. Det er endå godt eg har vore på yogaretrett i helga og har sove i gjennomsnitt 9,5 timar kvar einaste natt, ikkje drukke vin og berre vore sunn.

Så då skal eg klare ei veke der eg skal vere blid, sjarmerande, smart, god i engelsk, engasjert i skog og optimistisk på vegne av internasjonalt samarbeid og det grønne skiftet. Og sjølv om eg må gå i formelle kjoler og nypussa sko, gløymer eg aldri den rurale identiteten min. Den har eg alltid med meg, uansett om eg er på Lillehammer eller i Madrid.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…