Gå til hovedinnhold

Kor mykje kan ein skryte av Valdres før det blir kvalmt?

Eg er stolt av Valdres. Eg brukar alltid å prate om Valdres når eg er ute på tur i jobben min. I innlegg eg held fortel eg om alt det flotte i Valdres, og viser stolt fram døme som rakfisk, ost, fjellgris og unike overnattingsopplevingar og matopplevingar.

Dette betyr ikkje at eg likar alt med Valdres og at eg ikkje er kritisk til mykje (men det skal eg la ligge no). Men eg er veldig stolt av Valdres og mange av gründarane som har fått til mykje innanfor reiseliv, lokalmat og landbruk. Eg er stolt av mykje av det som er gjort på merkevarebygging.

I morgon skal eg til Hordaland og Bergen. Eg skal prate om mat i reiseliv. Og jada - eg skal innrømme det. Reiselivsdestinasjonane på Vestlandet slår sikkert Valdres ned i støvlane på enkelte ting. Det gjør nok sikkert også kokkane der (til dømes i Austevoll). Kanskje også turistattraksjonane (preikestolen og slikt). For ikkje å prate om drikke (i alle fall for oss som er meir glad i cider enn i øl). Så eg skal jo skryte og trekke fram gode døme frå Vestlandet. For all del; eg har jo tross alt budd i Sogn og Fjordane og skal nemne mange flotte ting frå der.

Men eg har også med ei rekkje døme frå Valdres (og resten av Oppland også forsåvidt). Noko er jo greitt - det er Valdres eg kjenner best og Valdres eg kan prate om på ein mest naturleg måte. Det er også bra å prate om der ein kjem frå fordi det då blir ekte. Men spørsmålet er; kor mykje kan ein ta med før det framstår som ukritisk skryt?

Kan det nokon gong tippe over og bli for mykje? Når framstår eg som som ein ukritisk navlebeskuande bygdetulling som framstår som eg ikkje har reist anna enn mellom Beitostølen og Oslo?



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…