Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra februar, 2016

Inn i isbreen

I dag var eg på oppdagingsferd inn i ein isbre her på Svalbard. 
Vi gjekk opp hit. Det tok ein drøy time. Så krabba vi innover og nedover i denne hula.

Moro i isbre! Hjelm og hovudlykt må på.

Vi gjekk nokre hundremeter innover. Det gjekk bortover og nedover. Flott is vi kunne studere. 

Isbreen tek med seg mange ting på sin ferd. Her ein stein. 

Og ein planke! 

Vanskeleg å ta bilete som viser kor fint det var, men mogleg du får eit inntrykk. 
Smalt enkelte plassar, men magen passerte. 
Kjeks- og toddypause inne i breen. 
På turen nedatt såg me nokre reinsdyr. Dei kunne ikkje brydd seg mindre om oss og beiter berre vidare sjølv om vi er tjue meter unna. Kule dyr!
Vi såg forresten ingen isbjørn denne gongen heller.

Longyearbyen i bilete

Utsikt frå Radisson-hotellet der vi hadde konferansa.

Utsikt frå hotellvindauget mitt i dag tidleg

Sentrum 

Bustadhus. Øvst her var skredet før jul

Frøhvelvet

Utanfor gruve 3. No nedlagt og mogleg å gå inn. Ser akkurat ut som ho nettopp er forlatt - sjølv om det skjedde i 1996 (her på Svalbard ryddar dei visst ikkje når dei legg ned nokon- dei berre går). 

Arbeidsantrekk heng att

Tavla med info akkurat som ho såg ut i 1996

Beskjed frå fyrste kvinnelege tilsette

Hanne gruvearbeidar. 

Fire km inni her jobba folk 

Senteret heiter dette etter namn på arbeidsdress til gruvearbeidarar (lompen). Var her dei skifta frå og til arbeidsklede. 
No snart middag. I morgon trugetur og tur inn i isbreen.

Verdas beste kjærast - det er meg!

Eg veit ikkje heilt om Trond er einig i den skildringa alltid. I alle fall ikkje dei gongene han spør om eg ikkje bør vurdere sinnemeistringskurs. Men eg glimtar til i blant.

29.juni har Trond og eg vore i lag i tre år. Det må jo markerast. Det fyrste 1 1/2 åra av forholdet vårt markerte vi den 29ende i kvar månad - om ikkje med fest, så i alle fall med å hugse at det var jubileumsdag. No er det ingen av som hugsar det lenger. Bortsett frå sjølvsagt på årsdagen.

Og 29.juni 2016 kjem vi til å hugse. Håper eg.

I dag har eg nemlig vore så genial og hyggeleg kjæraste at eg har fått fatt på Bruce Springsteen-billettar. Det er ikkje fordi eg er stor fan. Det er Trond som er det. Og eg har sjølvsagt lyst til å oppleve Bruce Springsteen i lag med Trond. Difor hang eg på billettservice-sidene i dag tidleg.

Og eg skal innrømme eg var redd. Eg tenkte: Dette må gå! Men eg sveitta og var nervøs. I alle fall då eg kom gjennom og såg at eg fekk billettar. Då var eg ufatteleg glad, men livredd for at…

Grand Prix-forbannelsen - denne gongen frå Longyearbyen

Eg får tydeligvis aldri sett den norske finala i Melodi grand prix. Aldri direkte i alle fall. Ei heller får eg det i år 2016. Det vil si - eg kan vere uhøfleg og sitje på rommet mitt på eit hotell på Svalbard medan resten av gjengen eg reiser i lag med et middag. Det tek seg dårleg ut, og alle folk sine fordommar om FrP'arar vil slå til.

I helga skal eg nemlig vere med Statskog til Svalbard. Det gler eg meg til. Både for å bli betre kjend med dei tilsette i Statskog, og endeleg få tid til å bli litt betre kjend med Svalbard. Sidan dette er tredje tur etter eg vart statssekretær, burde eg kanskje vore godt kjend der no. Eg er godt kjend i frøhvelvet, men elles står det dårleg til med lokalkunnskapen.Men sidan Statskog har som motto å gi oss naturen, får vi sjølvsagt mykje tid til natur på Svalbard.

No skal eg heim for å pakke kofferten. Luer, votter, ullditt og ulldatt og varme klede både innanfor og utanfor. Det blir eksotisk. Det blir mektig. Som alltid.

Og på laurdagskveld når …

Min dom over årets Grand Prix-låter

For fyrste gong i mitt liv har eg med ein mann til å gje sin dom over Grand Prix-låtene. Trond stilte velvillig opp laurdagskveld for å vere med å gi poeng (drømmekveld for meg - Og Trond seier med handling at han verkeleg må bry seg om meg). Vi har veldig ulik musikksmak, så vi satser på at summen av våre stemmer gir eit rett bilete av kven som blir vinnaren neste laurdag. Poeng er frå 1-12, og sidan det er 10 låtar blir desse poenga delt ut: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10 og 12.

Eg rangerer frå dårlegast total poengsum til beste. Alle låtene kan du forresten høyre her. 


The Hungry hearts, featuring Lisa Dillan - Laika
Herregud - prøver dei å vere Boney M eller noko? Spaca Boney M. Dette er berre pinleg og flaut. Når du trur det ikkje kan bli verre engelsk, så slår dei til med tysk. Er dette eit forsøk på å vere ironisk som eg ikkje forstår? Eg hugsar referenget då - det er jo bra.

Begynner bra, seier Trond og skrattar, mens han legg til: "Dette høyrast jo ut som Russland sitt bidrag…

Brennpunkt, økologisk, priskontroll og reindrift

Denne (arbeids)veka har gått ekstremt fort. Alt helg i morgon og nok ein tur med Valdresekspressen. Førre fredag brukte bussen nesten to timar ekstra på grunn av kø (altså nesten seks timar totalt), så eg gler meg allereie til heimturen denne fredagen med vinterferietrafikk. Eg skal førebu meg med to liter vatn i veska og sure snører.

Denne veka har det vore mykje landbruksstoff i mediene. Mykje har skjedd. Mest for statsråden sjølvsagt (som faktisk er den som møter i Stortinget og stiller opp i dei fleste debattar), men det påverkar jo også livet til oss statssekretærar.

Tysdag var dagen då alt skjedde på ein gong. Stortinget behandla (omsider) priskontrollen.  Regelen som seier at du kan bli nekte å kjøpe ein eigedom fordi myndigheitene meiner prisen er for høg. Politikarane i heimkommunen din kan i dag, med loven i hand, vedta å setje ned prisen på ein landbrukseigedom viss dei meiner prisen ikkje er "rett". Den regelen vil vi ha bort (no vil vi forsåvidt også fjerne heil…

Huset i Heggenes

Det vart ikkje småbruk på oss i denne omgang. Men det vart hus i landlege omgjevnader og med to mål tomt. Inkludert noko eg sjølv definerer som ein liten skog og med store moglegheiter for å dyrke opp nokre kvadratmeter til kjøkkenhage og til dyrking av urter. Bikuber kan vi sikkert også plassere her. Og drivhus.

Vel, sidan du truleg ikkje har vore på besøk hjå oss, men kanskje er nysgjerrig på korleis vi bur i Heggenes, legg eg her ut bilete av korleis vi har det. Huset eg og Trond er stolte av, og som blir finare og finare innvendig for kvar dag som går. Og gud som eg gler meg til vår og sommar når snøen er borte og vi kan begynne med dyrking. Og sitte ute i sooooola! :)

Ja - huset er stort. Men etter å ha budd der i to månader har vi eigentleg funne ut at vi treng fleire rom. 


Frå taket må det måkast snø. Eg overvant høgdeskrekk og vart med. Litt redd, men til slutt turte eg til og med hoppe ned frå taket, slik eg ville hatt null problem med då eg var liten. Det var kjempemoro!


Stova …

Der mannen måkar snø og kvinna bakar

Etter eg flytta inn i nytt hus har eg fått ein enorm lyst til  å bake, lage mat og eksperimentere på kjøkkenet. Kvar morgon i helgene (som altså er då eg er heime, sidan eg bur i ein stusseleg leilighet i Oslo på vekedagane) bakar eg brød, koker kraft og lager ting som linseboller, vegisterkaker eller anna eg kan fryse ned.

Eg trur det har noko med at eg no endeleg har stort kjøkken med stor skåpplass og stor benkeplass. No har eg plass til ti mjøltyper i skåpet og eg har plass på benken. Eg har til og med kjøpt meg ei gigantisk kjøkkenmaskin.

At eg har ein kjæraste som elskar brøda mine (eg veit kva du tenkjer, men her pratar vi altså om bakverket), gjer at det blir ekstra moro. Eg bakar brød i helgene. Fryser dei ned, og så et Trond brød på vekedagane og skryt til meg på telefon kor gode dei er. Kritisk vart den veka som gikk, sidan han gjekk tom og måtte kjøpe brød på butikken (ulykke for ei husmor som meg) - nok eit bevis på at eg må reise heim kvar helg og ikkje surre i Oslo slik…

Antibiotikaresistens i Amsterdam

I veka som var representerte eg Noreg i lag med Helse- og omsorgsminister Bent Høie på ministerkonferanse om antibiotikaresistens i Amsterdam. Meir om temaet kan du lese her. 

Vanlegvis på slike ministerkonferanser foregår ting veldig formelt og planlagt. Kva som formelt sett skal kome ut av det (ofte ei erklæring eller eit anna formelt dokument) er bestemt på førehand. Så held statsrådane (eller dei som møter i staden for statsrådar, som til dømes statssekretærar) eit ferdigskrive innlegg på tre minutt. Dette gjer alle og alt er veldig forutsigbart (eg brukar ikkje ordet kjedeleg, men det hender det kan vere lett å dette av lasset og tenkje på noko anna når tretti skal halde slike innlegg etter kvarandre).

Ei rekkje representantar frå europeiske land frå både helse- og landbruksmyndigheiter i lag i Amsterdam for å diskutere antibiotikaresistens. Foto: Bente Wilhelms, lmd. 

Denne konferansen var annleis. Det begynte med at vi fekk sjå fyrste del av ein film. Ein film som viste eit tenk…

Antibiotikaresistens for dummies

Mrsa og la-mrsa. Kjende forkortingar? Ikkje? Eller har du ei formeining om at du kanskje har lese noko om det i ei eller annan avis?

Eg hadde aldri høyrt om dette for 2 1/2 år sidan. Eg hadde ei heller knapt reflektert mykje om antibiotikaresistente bakterier. Noko som nok hadde noko med at dette var fjernt frå lærarlivet mitt i Høyanger og at (eg trur) det var lågare på den politiske dagsorden då enn no.

Så kva er det eigentleg vi er så redd for? Eg skal prøve å forklare på ein folkeleg måte slik at ein ungdomsskuleelev kan forstå det (mogleg eg også hadde funne fram ei episode av "Det var en gang...livet").

Antibiotikaresistens for dummies
For enkelte sjukdommar er vi avhengig av antibiotika (penicilin er ein form for antibiotikum). Utan antibiotika døyr vi av enkelte sjukdommar, og det er mange operasjonar på sjukehus som er avhengig av å bruke antibiotika.

Då eg var rundt 20 år fekk eg ein svært aggresiv halsbetennelse. Eg vart innlagt på sjukehus og legane måtte fjerne n…

Nytt hus, ny sjef og ny giv

Mange nye ting har skjedd sidan eg oppdaterte blogg sist.

Nytt hus Eg og Trond har kjøpt oss hus. Det har tatt mykje tid. Vi trudde det skulle ta maks ei veke å måle stova kvit. Det tok over tre veker. 
Vesle julaften fekk vi omsider 15 minutt til å finne juletre. Frå vår eigen skog. Vi har ein svær skog på eitt mål omlag, og der har vi jo nokre fantastiske juletre. Effektivt er det i alle fall!

På julaften var vi endeleg ferdig med stova, og klare til å kople ut. Resten av jula satt vi i kvar vår nye fantastiske lenestol og høyrte på radio.


Ny sjef I desember fekk eg også ny sjef. Og opplevde å bli veteranen i eit departement. I alle fall blant politisk leiing. Eg gjekk frå å vere yngst i politisk leiing til å bli eldst. Men elles har det vore supert å få ny sjef (eg gråt riktignok nokre sure tårer sliten og trøtt før jul når eg følte meg gamal og sliten). 
Eg har også opplevd å få avskjed i nåde i Statsråd for så å bli utnevnt som statssekretær rett etterpå (det går heilt fint, og eg ku…