Gå til hovedinnhold

Antibiotikaresistens for dummies

Mrsa og la-mrsa. Kjende forkortingar? Ikkje? Eller har du ei formeining om at du kanskje har lese noko om det i ei eller annan avis?

Eg hadde aldri høyrt om dette for 2 1/2 år sidan. Eg hadde ei heller knapt reflektert mykje om antibiotikaresistente bakterier. Noko som nok hadde noko med at dette var fjernt frå lærarlivet mitt i Høyanger og at (eg trur) det var lågare på den politiske dagsorden då enn no.

Så kva er det eigentleg vi er så redd for? Eg skal prøve å forklare på ein folkeleg måte slik at ein ungdomsskuleelev kan forstå det (mogleg eg også hadde funne fram ei episode av "Det var en gang...livet").

Antibiotikaresistens for dummies


For enkelte sjukdommar er vi avhengig av antibiotika (penicilin er ein form for antibiotikum). Utan antibiotika døyr vi av enkelte sjukdommar, og det er mange operasjonar på sjukehus som er avhengig av å bruke antibiotika.

Då eg var rundt 20 år fekk eg ein svært aggresiv halsbetennelse. Eg vart innlagt på sjukehus og legane måtte fjerne noko i halsen min dei sa var på størrelse med eit hønseegg. Etter dei hadde gjort dette på ein svært smertefull måte fekk eg antibiotika. Mykje antibiotika. Eg hugsar eg spurte legene kva som hadde skjedd med meg om det ikkje fanst antibiotika. Hadde eg døydd? Etter alle sannsynlegheit hadde eg det, sa legen. Åj - tenkte eg. Og takka han kompisen som fann ein sopp på ein tur i skogen for mange år sidan.

Funnet av antibitoika har revolusjonert legevitskapen. Utan antibiotika har vi trøbbel.

Naturen finn sin veg
Så tenk om vi kjem i ein situasjon der antibitoika ikkje funker lenger? At bakteriene dei skal ta knekken på finn ut ein måte dei kan stå i mot antitbiotikaen på. Dei seier "ædda bædda - eg har vakse meg sterk, og du knekker meg ikkje lenger!". Er det mogleg?

Ja - naturen finn sin veg! Det er naturen sin måte å jobbe på. Å finne ein veg å overleve på. Også for bakteriene.

Viss eg brukar mykje anitibiotika av ein spesiell type kan eg oppleve at denne typen ikkje vil fungere etter ei stund. Bakteriene har funne ein måte å bli motstandsdyktige på (korleis dei klarar det går eg ut i frå at du veit, så det går eg ikkje inn på her). Eg kan sjølvsagt byte til ein annan type penicilin. Heldigvis. Så det går sikkert bra med meg.

Men dess meir antibiotika vi brukar, dess større sannsynlegheit er det at bakteriene skal bli antibitoikaresistente. Antibioitikaen vil ikkje fungere lenger. Desse bakteriene kan også smitte mellom menneske. Så eg kan då få ei slik bakterie og bli resistent sjølv om eg aldri har brukt antibiotika. Difor er det viktig at vi får ned bruken an antibiotika og berre brukar den der det verkeleg trengst.

Smitte frå dyr til menneske
Og ja - det er her vi kjem til landbruket. Bakteriene kan også smitte mellom menneske og dyr. Difor er det alfa og omega at vi også får kontroll på antibiotikabruk hjå landbruksdyr. Mrsa er ein antibiotikaresistent bakterie vi finn hjå svin. Den kan smitte frå dyr til menneske og frå menneske til dyr. Og frå menneske til menneske. Og den smitter over landegrensene. Eg kan reise til Tyrkia, bli smitta av ein antibitoikaresistent bakterie, ta den med meg til Noreg. Går eg inn i eit grisehus utan beskyttelsesutstyr kan eg så gi denne vidare til grisane.

Mrsa er ikkje farleg for grisane. Den er neppe farleg for meg heller. Men for sjuke menneske med dårleg immunforsvar kan den vere farleg.

I Noreg sanerer vi svinebesetningar som er råka av mrsa. Vi slaktar ned heile flokken og vasker husa for å få bakteria ut. Dette er ikkje fordi det er farleg for grisane og fordi det er farleg å ete grisekjøtet (det er heilt trygt så lenge du varmebehandlar kjøtet rett). Det er rett og slett av omsyn til folkehelsa.

I Noreg er vi flinke innan landbruk. Vi brukar minst antibiotika i Europa på dyr. Det er bra. Men som sagt, bakterien smittar over landegrensene. Vi kan ikkje sperre oss inne bak grensene våre. Vi må gjere ting i lag.

Antibiotikaresistens i Amsterdam
I dag reiser eg til Amsterdam på ministermøte om antibiotikaresistens. Der møtast ei rekkje helseministrar og landbruksministrar (og nokon statssekretærar, slik som meg) frå heile Europa. Og der skal vi diskutere oss fram til kva vi kan gjere i lag og kva kvart enkelt land må gjere hjå seg sjølv. Det er viktig at vi jobbar på tvers av sektorar og på tvers av landegrenser.

25 000 menneske døyr kvart år i Europa på grunn av antibiotikaresistente bakterier. Vi må kjempe saman slik at dette talet ikkje blir høgare. Det gjer vi frå norsk side. Og resten av verda er i ferd med å få augo opp for denne utfordringa, og at det krevst drastiske tiltak for at antibiotika også skal fungere i framtida.


(Ps: Eg er politikar, ikkje lege eller veterinær (ei heller lærar om dagen). Feil og unyanserte framstillingar skal lastast meg og ikkje Landbruks- og matdepartementet. Om nokon som har prøvd å lære meg om mrsa ser noko som er hakkande gale får de gje meg beskjed og eg skal rette det opp (så lenge eg då ikkje mistar eit svært godt pedagogisk poeng)).

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…