Gå til hovedinnhold

Antibiotikaresistens i Amsterdam

I veka som var representerte eg Noreg i lag med Helse- og omsorgsminister Bent Høie på ministerkonferanse om antibiotikaresistens i Amsterdam. Meir om temaet kan du lese her. 

Vanlegvis på slike ministerkonferanser foregår ting veldig formelt og planlagt. Kva som formelt sett skal kome ut av det (ofte ei erklæring eller eit anna formelt dokument) er bestemt på førehand. Så held statsrådane (eller dei som møter i staden for statsrådar, som til dømes statssekretærar) eit ferdigskrive innlegg på tre minutt. Dette gjer alle og alt er veldig forutsigbart (eg brukar ikkje ordet kjedeleg, men det hender det kan vere lett å dette av lasset og tenkje på noko anna når tretti skal halde slike innlegg etter kvarandre).

Ei rekkje representantar frå europeiske land frå både helse- og landbruksmyndigheiter i lag i Amsterdam for å diskutere antibiotikaresistens. Foto: Bente Wilhelms, lmd. 


Denne konferansen var annleis. Det begynte med at vi fekk sjå fyrste del av ein film. Ein film som viste eit tenkt scenarie med ei gravid kvinne som vart sjuk av urinveisinfeksjon og som då ikkje vart frisk av antibiotika. Det var fleire tilfelle av dette i Europa. Vi såg mange moglege årsaker til at ho kunne ha blitt sjuk. Legebehandling i utlandet og vi var innom eit grisehus mellom anna. Helsemyndigheter og landbruksmyndigheter på tvers av landegrensene måtte samarbeide. Vi fekk ingen svar, men etter vi såg filmane (filmen var i fleire delar og vi diskuterte mellom delane) var det diskusjon.

Ingen ferdigskrivne innlegg. Men diskusjon rundt ein del problemstillingar som ordstyrar gav oss. Dette gjorde at eg måtte følgje med på ein heilt annan måte enn eg er vant til på slike konferanser. Det vart viktigare å lytte og respondere enn å tenkje på kva du sjølv skulle si. Nyttig og interessant.

Alvorleg tema, men lov å smile litt når eig tek ein tullete selfie frå Noregs plass. 


Det som er viktig er at fleire og fleire land no har dette på dagsorden. Fleire og fleire lager tverrgåande strategier om dette temaet. I Noreg har vi lagd strategi for å bekjempe antibiotikaresistente bakterier, og følgjer opp med sektorvise handlingsplanar. Og temaet er no høgt på dagsorden både i FAO, WHO og EU. Det er viktig om vi skal lukkast i kampen - som er ein av dei viktigaste vi står ovanfor i åra framover.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…