Gå til hovedinnhold

Brennpunkt, økologisk, priskontroll og reindrift

Denne (arbeids)veka har gått ekstremt fort. Alt helg i morgon og nok ein tur med Valdresekspressen. Førre fredag brukte bussen nesten to timar ekstra på grunn av kø (altså nesten seks timar totalt), så eg gler meg allereie til heimturen denne fredagen med vinterferietrafikk. Eg skal førebu meg med to liter vatn i veska og sure snører.

Denne veka har det vore mykje landbruksstoff i mediene. Mykje har skjedd. Mest for statsråden sjølvsagt (som faktisk er den som møter i Stortinget og stiller opp i dei fleste debattar), men det påverkar jo også livet til oss statssekretærar.

Tysdag var dagen då alt skjedde på ein gong. Stortinget behandla (omsider) priskontrollen.  Regelen som seier at du kan bli nekte å kjøpe ein eigedom fordi myndigheitene meiner prisen er for høg. Politikarane i heimkommunen din kan i dag, med loven i hand, vedta å setje ned prisen på ein landbrukseigedom viss dei meiner prisen ikkje er "rett". Den regelen vil vi ha bort (no vil vi forsåvidt også fjerne heile konsesjonslova også).

Dette er det ikkje fleirtal for i Stortinget, men H, FrP, V og KrF på Stortinget var enige om å liberalisere, og har bedt regjeringa gjere ein del nye vurderingar med sikte på å legge fram liberaliseringar og endringar av konsesjonslova for Stortinget. Det vil si at konsesjonslova blir eit viktig arbeidsområde for oss i Landbruks- og matdepartmentet også det neste året.

Ein statssekretær følgjer ofte debattane i Stortinget slik. På tv frå kontoret. Då kan eg gjere to ting samtidig - som blant anna å følgje Per Kristian Foss når han legg fram forvaltningsrevisjon av økologisk.


Også kom Riksrevisjonen med sin forvaltningsrevisjon av myndigheitene sitt arbeid med økologisk landbruk. Og som vanleg kjem Riksrevisjonen med kritikk, og det var sjølvsagt venta på dette området. Vi er langt frå å nå målet Stortinget har sett om 15 % økologisk produksjon og forbruk innan 2020. Men vi har sett positive teikn dei siste åra. Forbruket auker markant. Og i fjor auka arealet med 7 %. Forbrukarane vil ha meir økologisk mat, og det er forbrukarane sine val som er viktigast for å lukkast med økologisk produksjon. Det er liten vits å produsere mykje økologisk om forbrukarane ikkje vil ha det. Men forbrukarane vil ha stadig meir økologisk. Til og med i Valdres. 

Same dag vart det også inngått reindriftsavtale mellom staten og Norske reindriftssamers landsforbund (NRL). Det er vi nøgde med.

Og på kvelden var det Brennpunkt om norsk jordbruk og norsk jordbrukspolitikk. Ein dokumentar som etter mitt syn prøvde å trekke fram motsetnader eg ikkje oppfatter er der. Sveits vart trekt fram som drømmelandet. Norge som eit verstingland innanfor jordbruk. Det er mykje fint i Sveits, men jamen er det mykje bra i Noreg også. Vi har eit mangfald av garder, av type produksjonar og av bønder. Bønder med lite arealgrunnlag som klarar seg bra. Over heile landet. Vi har bønder med stort arealgrunnlag og mange dyr. Over heile landet. Vi treng begge deler. Det er ikkje det eine eller det andre, slik eg føler at enkelte prøver å framstille det som.

Men dette får eg truleg moglegheit til å diskutere på radio i helga. Frå Valdres. Som eg er sikker på har tusen gonger meir sjarme enn Sveits. Og eg er heilt objektiv.


Ein del av jobben er å lese alle moglege blad og tidsskrift som kjem dumpande ned i posthylla. Her frå "Norsk landbruk" las eg ekstra nøye det som stod om gjetarhund. Det må til når ny statsråd er fylkesmeister i gjetarhund. 


Resten av veka har vore mest interne møte og jobb frå kontoret. Heilt fint det også - eg trivst godt med å ha trappa noko ned på å reise rundt i landet, sjølv om eg alltid tek i mot invitasjonar til å kome på besøk (men det er noko med det - med ny statsråd er det fleire som vil ha han på besøk enn meg, så eg får stort sett vere i fred).


Innsida av kontoret mitt. Fått opp bilete eg fekk frå den mongolske delegasjonen  eg hadde besøk av. Elles tre dressjakker og ein bag med "yogautstyret". Og håndveske. Salig rot. Jada. 


I neste veke skal eg forresten til Svalbard (att!). Dit skal eg med Statskog på deira storsamling, og eg skal bruke helga i lag med dei. Denne gongen får eg tid til å bli litt betre kjend med Svalbard, og det gler eg meg til. Eg skal på trugetur opp til ein isbre som vi deretter skal bli kjent med innvending. Så satsar eg på at eg ikkje er blitt for tjukk slik at eg sett meg fast i isbregangane vi skal krype i. ;)


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…