Etter eg flytta inn i nytt hus har eg fått ein enorm lyst til å bake, lage mat og eksperimentere på kjøkkenet. Kvar morgon i helgene (som altså er då eg er heime, sidan eg bur i ein stusseleg leilighet i Oslo på vekedagane) bakar eg brød, koker kraft og lager ting som linseboller, vegisterkaker eller anna eg kan fryse ned.
Eg trur det har noko med at eg no endeleg har stort kjøkken med stor skåpplass og stor benkeplass. No har eg plass til ti mjøltyper i skåpet og eg har plass på benken. Eg har til og med kjøpt meg ei gigantisk kjøkkenmaskin.
At eg har ein kjæraste som elskar brøda mine (eg veit kva du tenkjer, men her pratar vi altså om bakverket), gjer at det blir ekstra moro. Eg bakar brød i helgene. Fryser dei ned, og så et Trond brød på vekedagane og skryt til meg på telefon kor gode dei er. Kritisk vart den veka som gikk, sidan han gjekk tom og måtte kjøpe brød på butikken (ulykke for ei husmor som meg) - nok eit bevis på at eg må reise heim kvar helg og ikkje surre i Oslo slik eg har gjort dei to siste helgene. Mannen min treng meg!

Brødlaging på gang denne laurdagen. Sidan eg har berre to brødformer og liten plass i fryseren er dette nok kvar helg. Ny frysar skal snart bli kjøpt inn og då skal Kenwood'en få kjørt seg!
Mens eg ventar på brødheving lagar eg knekkebrød. Litt svidd, men skummelt gode (og eg innbillar meg dei er sunnare enn dei eg kjøper på butikken).
Slenger også sammen ein "eltefri deig" nesten utan gjær (som eg har funne ut funkar bra etter å ha overdosa gjær til alt eg lagar i frykt for at det skal bli flatt og hardt) som skal stå til heving til neste dag.
Sundagsmorgon startar med P2. Kven sier ein blir dum av å vere husmor?
Til lytting på Språkteigen kokar eg kraft. Det treng eg til den brune sausen til sundagsmiddagen seinare i dag (som då er nøttesteik som eg har mengder att av frå jula og som no tek opp for mykje plass i frysaren).
Ferdigheva eltefritt brød slenger eg berre opp i ei glodvarm gryte og vips inn i omnen med det.
45 minutt i glovarm omn og brødet er ferdig. Verdas beste brød klart til ein romantisk og sein frukost for meg og kjærasten.
Og mens eg er inne og bakar brød er Trond ute og måkar snø av taket. Vi har eit tradisjonelt kjønnsrollemønster i heimen vår. Eg er og spelar ekstra hjelpeslaus når det kjem til bilting, snøting og snekreting i heimen. Eg tykkjer det er fint å sleppe alt det der når eg endeleg har funne meg ein praktisk mann som eg vil dele resten av livet mitt med. Han likar brøda mine og eg likar at han er praktisk. Eg har også funne ut at eg trivst veldig godt foran kjøkkenbenken. Eg er lukkeleg der mens eg høyrer på Ekko på P2. 8.mars skal eg forresten på spa.
Til lukke med Valentinsdagen alle saman. Eg er i lag med kjærasten min. Til gåve fekk eg ein tørka blome han fann i vedkorga. Ingen skal påstå romantikken ikkje blomstrer i heimen der mannen måkar snø og kvinna bakar.
Kommentarer
Legg inn en kommentar