Gå til hovedinnhold

Huset i Heggenes

Det vart ikkje småbruk på oss i denne omgang. Men det vart hus i landlege omgjevnader og med to mål tomt. Inkludert noko eg sjølv definerer som ein liten skog og med store moglegheiter for å dyrke opp nokre kvadratmeter til kjøkkenhage og til dyrking av urter. Bikuber kan vi sikkert også plassere her. Og drivhus.

Vel, sidan du truleg ikkje har vore på besøk hjå oss, men kanskje er nysgjerrig på korleis vi bur i Heggenes, legg eg her ut bilete av korleis vi har det. Huset eg og Trond er stolte av, og som blir finare og finare innvendig for kvar dag som går. Og gud som eg gler meg til vår og sommar når snøen er borte og vi kan begynne med dyrking. Og sitte ute i sooooola! :)

Ja - huset er stort. Men etter å ha budd der i to månader har vi eigentleg funne ut at vi treng fleire rom. 



Frå taket må det måkast snø. Eg overvant høgdeskrekk og vart med. Litt redd, men til slutt turte eg til og med hoppe ned frå taket, slik eg ville hatt null problem med då eg var liten. Det var kjempemoro!



Stova vår er einaste rom vi til no har totalforandra. Det var måla/lasert i burgunder og tre forskjellige grønfarger. No er alt kvitt. Det tok tre veker, men var verdt det (men har gjort at motivasjonen for å gå laus på eit nytt rom ikkje er heilt til stades endå - å måle tak er eit helvete!). Vi er veldig nøgde med at vi har klart å bli einige om ein stil vi begge likar. Ps: avisa på bordet er Bondebladet.


Yogamatta og puter på plass midt på golvet (irriterer vettet av Trond) til yoga og avslapping i helga. Og godstolene i bakgrunnen. Der har vi tilbrakt mange timar mens vi lyttar til radio. Herleg (stova har heldigvis ingen tv og det gjer at vi no høyrer svært mykje på radio). 


Inngang frå stova inn til "hytta". Vi har eigen hytte i huset der det på vinteren er veeeldig kaldt, så den skal vi fikse meir i til våren/sommaren. Til no berre fyra i og brukt på nyttårsaften. 


Det er moro med hus. Det er fint. Vi har fått roen over oss i nytt hus. Eg får lyst til å gjere ting. Eg har lyst til å slappe av. Huset gir rom for masse påfunn og moglegheiter. Og området er fantastisk flott. 

Det er så stille her. Så roleg. Ikkje ein lyd. Det er ikkje noko som er betre enn å kome heim til helga og det einaste vi høyrer viss vi sjølve er heilt stille, er den fjerne lyden av ein traktor. Når du høyrer den lyden og blir glad - då veit du at det er på bygda du høyrer heime. 





Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…