Gå til hovedinnhold

Min dom over årets Grand Prix-låter

For fyrste gong i mitt liv har eg med ein mann til å gje sin dom over Grand Prix-låtene. Trond stilte velvillig opp laurdagskveld for å vere med å gi poeng (drømmekveld for meg - Og Trond seier med handling at han verkeleg må bry seg om meg). Vi har veldig ulik musikksmak, så vi satser på at summen av våre stemmer gir eit rett bilete av kven som blir vinnaren neste laurdag. Poeng er frå 1-12, og sidan det er 10 låtar blir desse poenga delt ut: 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 10 og 12.

Eg rangerer frå dårlegast total poengsum til beste. Alle låtene kan du forresten høyre her. 


The Hungry hearts, featuring Lisa Dillan - Laika


Herregud - prøver dei å vere Boney M eller noko? Spaca Boney M. Dette er berre pinleg og flaut. Når du trur det ikkje kan bli verre engelsk, så slår dei til med tysk. Er dette eit forsøk på å vere ironisk som eg ikkje forstår? Eg hugsar referenget då - det er jo bra.

Begynner bra, seier Trond og skrattar, mens han legg til: "Dette høyrast jo ut som Russland sitt bidrag". Dei kan ikkje synge heller. Og ikkje kan dei engelsk, seier Trond sjokkert. Mogleg denne hadde gjort det betre i internasjonale enn den norske finala. Kan bli ein humoristisk låt du sett på på vorspiel. Kanskje.

Hanne: 1
Trond: 3
Total poengsum: 4
Plassering: 9.plass (delt)



Pegasus - Anyway


Dette er søtsuppe i starten, og fortsett som søtsuppe. Blir rett og slett for mykje klisjé. Rett og slett for kjedeleg.

Den dårlegaste sangeren til no, seier Trond. "Det er ganske kleine tekster i MGP, utbryt Trond. Eg skjønner nesten ikkje at dei tør å meine at dette er ein god tekst og at dei tør sende det inn til konkurransa.  Han her syng også for dårleg, rett og slett.

Hanne: 2
Trond: 2
Total poengsum: 4
Plassering: 9.plass



Freddy Kalas - Feel da rush


No blir det party! Det er definitivt denne du får mest på hjerna og ein får jo lyst til å danse. Det er betre enn pinne for landet. Og betre enn forventa. Tykkjer eg. Eg meiner denne låta er heilt innafor. Trond er ikkje einig.

Trond sin fyrste kommentar er: "Hadde du hatt eit program på dataen som lagde låter, kunne du skrive "russelåt" og denne ville kome ut". Den kjem til å gjere det bra, meiner han, og den får folk ut på dansegolvet, men det er dårleg!

Denne artisten måtte skrive om refrenget fordi det visstnok var plagiat. Trond meiner det framleis høyrast ut som plagiat og at han har høyrt dette før. Eg kan vel vere litt einig.

Trond: 1
Hanne: 5
Total poengsum:6
Plassering: 8.plass



Stine Hole Ulla - Traces



Denne prøver veldig å vere Disney-låt. Får Frost-assosiasjonar utan at den når heilt opp. Veldig kjedeleg. Syng heller ikkje så veldig bra. Blir for mykje slik syngedame-prøving.

Fyrste sviska, seier Trond. Fyrste sangerinna. Sangen er i alle fall i sentrum. Veldig mykje snøkrystalldryss i starten. Den er ikkje dårleg, men heller ikkje superbra.

Hanne: 3
Trond: 6
Total poengsum: 9 poeng
Plassering: 7.plass



Laila Samuels - Afterglow


Eg likar denne låta litt. Den er hyggeleg å høyre på, men den tek liksom aldri av, og blir dessverre litt for kjedeleg.

Trond er einig og meiner låta ikkje er stygg, men at ho manglar energi. Platt låt - noko som er dumt, sidan låta eigentleg er ganske mektig, men har svært mykje å gå på.

Trond: 7
Hanne: 4
Total poengsum: 11
Plassering: 6.plass



Agnete - Icebreaker

Eg meiner låta prøver for mykje å vere mystisk i starten - prøver å vere kul og spesiell, men lukkast ikkje heilt. Eg får litt kjensle av at den prøver å vere litt som I feed you my love av Margaret Berger, men er langt frå den kvaliteten.

Refrenget er jo døvt når det kjem, seier Trond. Låta bygger seg opp gjennom verset og innfrir ikkje. Det er døvt når refrenget er døvare enn verset, seier Trond.  Men han legg til at låta verker meir velprodusert enn dei andre. Sjå før deg det her på fest, seier Trond - ein må danse sløvare til refrenget enn til verset. Eg kan vere einig i det.

Trond: 8
Hanne: 6
Total poengsum: 14
Plassering: 5.plass


Stage Dolls - Into the fire


Eg blir glad. Eg får lyst til å danse - av dei fyrste tre sekunda. Startar betre enn den blir etter kvart. Likevel blir eg glad av refrenget, sjølv om eg får veldig kjensle av at dette minner om One Direction sin "C'mon, C'mon". Men eg liker jo den låta veldig bra!

Åh, åh i starten: "Dette øydelegg så jævlig", utbryt Trond. "Eg skjønner ikkje dei vil seg så vondt å delta ein gong. Det er jo ikkje bra for dei, seier Trond". Lett spiselege refereng. Veldig kleint med rockeband i Grand Prix seier Trond mens han grin på nesa. Eg likar jo eigentleg låta betre enn dei andre, men har ikkje tru på ho, seier Trond. Eg derimot har tru.

Hanne: 10
Trond: 5
Total poengsum:15
Plassering: 4.plass



Suite 16 - Anna-Lee



Eg utbryt umiddelbart:  "Eg trur eg likte denne best, eg". Trond skrattar rått og seier: Dette er din stil ja. Og det er det. Eg likar dette. Eg får lyst til å danse. Eg er ein 18 åring i ei dame på 34 år sin kropp.

Eg trur den gjer det bra, seier Trond. Eg personleg kan ikkje gje denne bra karakter. Det er ein djup og god tekst, seier Trond og ler rått vidare. "Britghter than the sun", imponerer mykje seier han ironisk. Men er noko catchy med referenget. Nesten noko irsk. Hater slik telling forresten, avsluttar han surt.

Hanne: 12
Trond: 4
Total poengsum: 16 poeng
Plassering: 3.plass


Elouiz - History


Eg likar denne låta. Eg tykkjer den er fin å høyre på, og kan fint høyre på denne på bussen heim til Valdres. Men ja, låta er litt/veldig klisje.Det tek heller ikkje heilt av, og blir noko flatt. Men absolutt ein koseleg låt.

"Eg syns jo den var ganske ok", seier Trond. "Passe trashy grand prix-hit".

Trond: 10
Hanne: 8
Total poengsum: 18
Plassering: 2.plass


Trommevirvel - klar for fyrsteplass: 



Makeda - Stand up



Dette appellerte ikkje til meg, tenkjer eg. Eg hater gospel-musikk og dette føler eg er for mykje gospel. Dette er ei låt eg har gløymt etter eg har høyrt ho. Men - eg må bite det i meg etter å ha høyrt låta for andre og tredje gong. Ho veks. Veks veldig.

Saksofon, lover jævlig bra, bryt Trond ut i starten, og meiner dette er ein heilt straight låt. Har litt meir personlegheit, denne låta. Men ho er tynn. Ho er veldig tynn! Men så er eg veldig glad i stand up då!


Hanne: 7
Trond: 12
Total poengsum: 19
Plassering: 1.plass














Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…