Gå til hovedinnhold

Nytt hus, ny sjef og ny giv

Mange nye ting har skjedd sidan eg oppdaterte blogg sist.

Nytt hus
Eg og Trond har kjøpt oss hus. Det har tatt mykje tid. Vi trudde det skulle ta maks ei veke å måle stova kvit. Det tok over tre veker. 

Vesle julaften fekk vi omsider 15 minutt til å finne juletre. Frå vår eigen skog. Vi har ein svær skog på eitt mål omlag, og der har vi jo nokre fantastiske juletre. Effektivt er det i alle fall!


På julaften var vi endeleg ferdig med stova, og klare til å kople ut. Resten av jula satt vi i kvar vår nye fantastiske lenestol og høyrte på radio.



Ny sjef
I desember fekk eg også ny sjef. Og opplevde å bli veteranen i eit departement. I alle fall blant politisk leiing. Eg gjekk frå å vere yngst i politisk leiing til å bli eldst. Men elles har det vore supert å få ny sjef (eg gråt riktignok nokre sure tårer sliten og trøtt før jul når eg følte meg gamal og sliten). 

Eg har også opplevd å få avskjed i nåde i Statsråd for så å bli utnevnt som statssekretær rett etterpå (det går heilt fint, og eg kunne sitte på kontoret mitt heile tida - eg måtte ikkje gå ut). 

Eg har ikkje bilete av meg og ny sjef (okey - eg skal få ordna det berre for bloggen sin skuld). Men eg har eit bilete av pepperkakekunst laga av avdeling for skog- og ressurspolitikk her i Landbruks- og matdepartementet. Det synleggjer kor glad eg er for at eg skal fortsette å jobbe med denne fine gjengen som er her og som imponerer meg kvar einaste dag. Og som du sjølvsagt blir glad i etter over to år blant landbrukets fremste byråkratar. 

De ser det kanskje berre så vidt, men dette er Svalbard globale frøhvelv lagd som pepperkake. Eitt av tre pepperkakebidrag til jul frå embetsfolk her i Landbruks- og matdepartementet (LMD). Noregs kulaste byråkrater finst her i LMD - ingen tvil om det!


Ny giv
Eg er litt usikker på om eg kan si det blir ny giv, men eg føler meg til tider ganske motivert. Sjølv om eg er usikker på om eg nokon gong kjem til å måle tak og veggar meir i heile verda. 

Det beste med å kome heim i helga bortsett frå å treffe Trond, høyre på radio, drikke kaffi og slappe av i vårt eige hus, er å gå lange turar i flott vinterlandskap i Heggenes. 


Det finst ikkje kaldt vêr - berre dårlege unnskuldningar. Har her gått ei mil til fots i -15 grader og innser at formen er for dårleg sidan eg må ligge i fosterstilling på stovegolvet då eg kom heim att (ps: eg er også overtydd om at eg eigentleg er penare enn dette i verkelegheita).


Det er for fint ute til å sitte inne. Og sjølv om det ikkje vart småbruk på oss denne gongen, kan vi nyte synet av landbruk og dyr i nærleiken av oss. Samtidig som vi slepp arbeidet. Det er jo litt greitt det også. 


Ny giv gjeld også denne bloggen. I morgon reiser eg til Amsterdam på ministerkonferanse om antibiotikaresistens. Eg lover bloggpost om det. Og så lover eg ein privat post til helga med bilete frå huset for den som er nysgjerrige på kor rotete eg eigentleg er (eg har forresten også begynt å bake brød kvar gong eg er heime i helgene - det fortener også kanskje ein eigen bloggpost). 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…