Gå til hovedinnhold

Verdas beste kjærast - det er meg!

Eg veit ikkje heilt om Trond er einig i den skildringa alltid. I alle fall ikkje dei gongene han spør om eg ikkje bør vurdere sinnemeistringskurs. Men eg glimtar til i blant.

29.juni har Trond og eg vore i lag i tre år. Det må jo markerast. Det fyrste 1 1/2 åra av forholdet vårt markerte vi den 29ende i kvar månad - om ikkje med fest, så i alle fall med å hugse at det var jubileumsdag. No er det ingen av som hugsar det lenger. Bortsett frå sjølvsagt på årsdagen.

Og 29.juni 2016 kjem vi til å hugse. Håper eg.

I dag har eg nemlig vore så genial og hyggeleg kjæraste at eg har fått fatt på Bruce Springsteen-billettar. Det er ikkje fordi eg er stor fan. Det er Trond som er det. Og eg har sjølvsagt lyst til å oppleve Bruce Springsteen i lag med Trond. Difor hang eg på billettservice-sidene i dag tidleg.

Og eg skal innrømme eg var redd. Eg tenkte: Dette må gå! Men eg sveitta og var nervøs. I alle fall då eg kom gjennom og såg at eg fekk billettar. Då var eg ufatteleg glad, men livredd for at noko skulle skjære seg med den forbanna koda eller visakortet eller kva for no slags tryggleiksmekanismer du skal gjennom.

Men det gjekk!

Eg har billettar til Bruce Springsteen!

Eg føler meg som verdas beste kjærast. Og så føler eg at Trond liksom ikkje heilt ser det og sett nok pris på det...

Men det gjer kanskje ingenting så lenge eg har overtydd meg sjølv om at eg er verdas beste kjærast.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein