Gå til hovedinnhold

Innlegg

Viser innlegg fra mars, 2016

Å gå på grus

Det var hyggeleg med eit par-tre trugeturar i påska. Det er hyggeleg med snø. Men eg skal innrømme at eg kjenner mest genuin lykke over å sjå snøen forsvinne att. Det flottaste med påska var å sjå at vegen til huset gjekk frå å vere snødekt til å bli slik:

Det er noko med den fyrste turen på våren med joggesko. Til tross for at eg aldri har vore så tung som no, følte eg meg her ganske lett til beins. 
Solbriller på! Og joggesko. Som eg gler meg til fleire slike turar utover våren. 

Prosjekt oppussing av gang

Livet som huseigar betyr at du får sett mindre av verda, men at du får ein heilt ny ro over deg som aldri har vore der før. Du lærer å sette pris på dei trivielle og enkle tinga. Og du kjenner deg tvers gjennom lukkeleg om morgonen når du drikk kaffien din på ditt eige kjøkken og ser over på han som sit på andre sida av bordet.

I fjor påske var eg og Trond i Frankrike. Året før var vi i Italia. I år er vi heime i Heggenes.

Målet med påska er å få måla gangen, men ikkje stresse, slik at vi også får tid til kos. Ubehandla trepanel skal bli kvitt. Etter å ha tenkt oss om i tre månader har vi havna på kvitt. Etter å ha vore innom både grønt og grått feiga vi ut og køyrte på det trygge.

Fyrste steg er grunning og sparkling. To strøk med grunning før du kjem så langt at du kan dekke det med fin og kvit måling. Det vi gjer annleis no samanlikna med stova er at vi tek litt og litt om gangen og gjer oss skikkeleg ferdige med det før vi går vidare. 

Ferdig måla vegg. Manglar berre listene no, så …

Eg drakk ikkje vin i går

Det er skjærtorsdag. Klokka er 0814. Eg sit på kjøkkenet, drikk kaffi og høyrer på P1. Eg har ikkje vondt i hovudet. Eg er ikkje kvalm. Eg er faktisk i ganske fin form og har vore vaken i over ein time allereie.

Du skjønner; eg drakk ikkje vin i går. Førre påske trur eg at eg drakk vin kvar einaste dag. Eg og Trond var i Champagne. Vi kom heim onsdag i påskeveka med ein haug med champagneflasker i kofferten, som vi brukte resten av påska på å drikke. Det er att nokre flasker av dei no. Dei står i skåpet. Dei er fulle og kjem ikkje til å bli drukke på ei stund.

Folk som kjenner meg veit at eg er over snittet glad i vin. Gjerne i kombinasjon med ost. Vin og ost er toppen av lukke for meg. Høgdepunktet i livet mitt har vore fredagskveldane då eg kom heim til Trond og vi lagde oss noko god mat, opna ei flaske god musserande eller raudvin og berre var til i lag mens vi satt rundt bordet og skravla om veka som hadde gått. Eg kom meg gjennom veka på grunn av desse fredagane!

Det er difor eit…

Landbrukets økoløft

I dag er eg så heldig at eg får vere med omlag tretti økobønder på samling på Kringler gjestegård. Samlinga er starten på Landbrukets økoløft, som skal vere med på å motivere fleire til å leggje om og satse på økologisk landbruk. 
Landbrukets økoløft er eit samarbeid mellom Norges bondelag, norsk bonde- og småbrukarlag, Debio, økologiske foregangsfylker, Norsk landbruksrådgivning og Oikos - økologisk Norge. Formålet er å medverke til auka produksjon av økologiske landbruksprodukt i Noreg. 

Tretti inspirasjonsbønder frå heile landet er plukka ut. Desse bøndene sine historier, energi og kunnskap skal vere med å få fleire til å satse på økologisk produksjon. I dag møtast dei alle og alle har fått fem minutt til å presentere seg sjølv og produksjonen sin. 
Her finn vi den unge økologiske mjølkeprodusenten frå Vik i Sogn. Vi har Inn på tunet-garden som også driv med bærproduksjon. Vi finn kornprodusenten som har vore med og etablert Økologisk spesialkorn, som går så det suser. Solbærprodusent…

Vekas verste dag

Eg likar jobben min. Det er ikkje det. Eg berre hatar bussturen på veg tilbake til Oslo sundagskveld. 
I skrivande stund sitt eg på bussen. Har sagt hade til Trond. Og til huset. Kjenner eg gler meg noko heilt enormt til fredag og påske. Ti dagar heime. I huset vårt. Eg skal måle gang, soverom og babyrom. Og så skal eg bake. Og gå på tur. 
Trond har kjøpt truger til meg! Eg skjønner kva han hintar til, men eg vart ikkje fornærma. I helga fekk eg berre testa dei ein tur rundt huset. I påska blir det langtur! 
Pendlarlivet blir hardare og hardare. Etter vi kjøpte oss hus vart det verre. Med veksande mage endå verre. 
Eg både gruer og gler meg til permisjon i juni. Eg kjem til å sakne jobben. Eg kjem til å sakne mykje med Oslo og eg kjem sikkert til tider å bli veldig rastlaus etter nokre månader heime. Det eg ikkje kjem til å sakne er nesten fire timar på buss kvar einaste sundag. 
På bygda lev vi beskytta frå mykje. Priskrig på smågodt til dømes. Kanskje like greit sidan eg desperat prøver …

Slepp magen fri!

I dag har eg sleppt magen fri. Eg hadde to val; eg kunne slutte å fornekte sanninga eller eg kunne gjere noko med det. Eg valde ein kombinasjon.

Sanninga er at eg har lagt på meg seks kilo sidan jul. Slik; no har eg sagt det. Det er hardt å innrømme det, men det er sanninga. Eg visste det var blitt litt meir å ta i, men at det skulle vere så mykje hadde eg ikkje trudd.

På måndag måtte eg gå på vekta. Eg har ikkje vore der sidan desember. Før det har eg ikkje vore på vekta på mange år.

Vekta viste at eg var blitt tjukk. Tjukkare enn eg hadde trudd. Eg kan ikkje skulde alt på kjærasten min. Noko er rett og slett fordi eg i staden for å gå tur har vald sofaen. Og eting av ting eg puttar i omnen med smelta ost på. Fordi eg kan unne meg litt ekstra akkurat no. Har eg tenkt.

I går gjorde eg to ting.

Eg meldte meg på eit nytt yogakurs. Dynamisk yogakurs med litt meir rørsle enn det førre eg var på. Fyrste gong var i går og det var slitsamt. Eg kjende det i musklane då eg sette meg i sofaen e…

Isbjørn med zoonose

Eg fekk med meg ein isbjørn heim frå Svalbard. Eg fekk også med meg noko meir.

I dag tidleg vakna eg og tenkte: "Jamen eg har jo slutta å røyke jo". Det var som om eg hadde vore på fest eller at eg hadde vore veldig stressa i går og røyka ein 20-pakning. Det hadde eg då ikkje gjort. Eg har tydeligvis blitt forkjøla.

Trøtt og forkjøla. Svært dårleg kombinasjon. Kombiner det med "du kan maks drikke to koppar kaffi om dagen" og du får ein kakaodrikkande trøtting av ein statssekretær på jobb. Som tykkjer svært synd i seg sjølv. Som frys. Som forbannar Statsbygg (eller kven det no er) som ikkje får guffa opp dei forbanna radiatorane på jobb. Som difor må trille inn ein ekstra "rulleradiator" inn på kontoret.

Som sit framfor rulleradiatoren, prøver å lese ein av dei utallige rapportane som ligg og ventar på meg i forkant av jordbruksoppgjøret. Og følgjer debattane  i Stortinget med det andre auga.

Nei - no gler eg meg til å kome heim til Isbjørn som ligg i seng…