Gå til hovedinnhold

Eg drakk ikkje vin i går

Det er skjærtorsdag. Klokka er 0814. Eg sit på kjøkkenet, drikk kaffi og høyrer på P1. Eg har ikkje vondt i hovudet. Eg er ikkje kvalm. Eg er faktisk i ganske fin form og har vore vaken i over ein time allereie.

Du skjønner; eg drakk ikkje vin i går. Førre påske trur eg at eg drakk vin kvar einaste dag. Eg og Trond var i Champagne. Vi kom heim onsdag i påskeveka med ein haug med champagneflasker i kofferten, som vi brukte resten av påska på å drikke. Det er att nokre flasker av dei no. Dei står i skåpet. Dei er fulle og kjem ikkje til å bli drukke på ei stund.

Folk som kjenner meg veit at eg er over snittet glad i vin. Gjerne i kombinasjon med ost. Vin og ost er toppen av lukke for meg. Høgdepunktet i livet mitt har vore fredagskveldane då eg kom heim til Trond og vi lagde oss noko god mat, opna ei flaske god musserande eller raudvin og berre var til i lag mens vi satt rundt bordet og skravla om veka som hadde gått. Eg kom meg gjennom veka på grunn av desse fredagane!

Det er difor eit under at eg no har kome meg gjennom fem månader utan vin. Eg skjønner eigentleg ikkje heilt at det er mogleg. Sanninga er at det har gått overraskande lett. Dei fyrste tre månadene var det vel eigentleg ikkje ei celle i meg som hadde lyst på vin. Eg trur kroppen er lagd slik at du skal bli kvalm av tanken på alt som ikkje er bra for deg.

Den einaste gongen i løpet av dei tre fyrste månadene eg eigentleg hadde lyst på vin var på nyttårsaften. Trond og eg hadde invitert til nyttårsfest. Eg stod heile dagen og lagde mat. Mellom anna marinade med kvitvin i. Eg opna kvitvinsflaska. Då kjente eg det! Vin og matlaging høyrer saman! Og då pratar eg om å drikke mens eg lager mat. Eg tenkte: "nei, eg kan ikkje!".

Lysten slapp ikkje taket. Eg fann fram min gode ven google og søkte: "Vin graviditet forskning". La oss seie det slik at det er mykje forsking som tyder på at eit glas om dagen ikkje er skadeleg for babyen. Eg fann til og med ut at kronprinsessa i Danmark drakk eit glas vin til eit måltid då ho var gravid! Eg tenkte; når ho kan, så kan eg. Eit glas kan vel ikkje vere så ille, vel?

Eg tok ein slurk. Så bar det rett på do.

Resten av kvelden drakk eg alkoholfri vin (det var på den tida eg måtte late som eg drakk vin slik at andre ikkje skulle fatte mistanke. Sidan alle vart litt eller veldig fulle var det ingen som merka at eg ikkje drakk, men eg skal love deg at det ikkje var moro å vere vaken til alle var ute av huset klokka halv fem på natta!).

No i påska derimot har eg verkeleg kjent at lysten på vin har kome. No er det ikkje berre hjerna mi som lurer meg til å tru at eg vil ha vin. Heile meg har lyst på vin! Etter ein lang og hard dag med måling og ting som skjer, hadde det vore så godt å lene seg tilbake i stolen i stova med eit glas cava. Og litt ost. Mens eg skravlar med Trond om huset vårt og framtida vår.

Men neidå; sidan helsemyndighetene i Noreg praktiserer "føre var-prinsippet" i sin rådgjeving, held eg meg unna. Skremselspropaganda fungerer. Dette er derimot blitt mine nye vener:




Med litt godvilje er ikkje den alkoholfrie musserande vinen så ille, men det blir jo liksom ikkje det same:

Null prosent alkohol. Det er ikkje det same. Ikkje i nærleiken av å gi like mykje hygge som ekte cava frå Spania. 

Trond og eg har det koseleg når vi sit i stolane i stova på kveldstid og drikk kvart vårt glas med vin. Han drikk ekte raudvin. Eg drikk falsk cava. Eg skal klare å lure meg sjølv i fire månader til. Lure meg sjølv til å tru at det nesten smaker det same. At einaste skilnaden er alkoholen. Trond er også flink til å lure meg med å seie: "Den er jo slett ikkje så ille. Overraskande god", mens han prøvetek ein slurk av vinen min før han går tilbake til sin eigen. 

Men eg skal love deg at eg bruker mykje tid til å planlegge og drømme om kor fantastisk fint og flott det blir med fyrste ekte vinglaset i huset vårt. Eg gler meg! (Og jada; eg gler meg sjølvsagt også til babyen kjem, men denne bloggposten handlar ikkje om det)

Inntil vidare får eg glede meg over at frysaren blir full på grunn av hobbyen som har erstatta vindrikkinga. Nemlig baking. 


Nok eit grytebrød ferdig. Eg gler meg over brødet. Sjølv om eg skal innrømme eg tenkjer; "Tenk så godt det hadde vore å nyte brødet med aioli, ost og litt ekte vin". 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…