Gå til hovedinnhold

Isbjørn med zoonose

Eg fekk med meg ein isbjørn heim frå Svalbard. Eg fekk også med meg noko meir.

I dag tidleg vakna eg og tenkte: "Jamen eg har jo slutta å røyke jo". Det var som om eg hadde vore på fest eller at eg hadde vore veldig stressa i går og røyka ein 20-pakning. Det hadde eg då ikkje gjort. Eg har tydeligvis blitt forkjøla.

Trøtt og forkjøla. Svært dårleg kombinasjon. Kombiner det med "du kan maks drikke to koppar kaffi om dagen" og du får ein kakaodrikkande trøtting av ein statssekretær på jobb. Som tykkjer svært synd i seg sjølv. Som frys. Som forbannar Statsbygg (eller kven det no er) som ikkje får guffa opp dei forbanna radiatorane på jobb. Som difor må trille inn ein ekstra "rulleradiator" inn på kontoret.

Som sit framfor rulleradiatoren, prøver å lese ein av dei utallige rapportane som ligg og ventar på meg i forkant av jordbruksoppgjøret. Og følgjer debattane  i Stortinget med det andre auga.

Nei - no gler eg meg til å kome heim til Isbjørn som ligg i senga mi og vil ha selskap. Og satsar på at det ikkje er han som har smitta meg med ein slags zoonose som er brakt med heim frå Svalbard. I så fall kan det sjå dårleg ut for dyre- og folkeliv i Heggenes.

Dette er Isbjørn. Han kjem eigentleg frå Svalbard, men skal no flytte til Heggenes der han skal få ein familie. Han gler seg til å helse på bade nabohundane, hestane i Robølsbygda og ikkje minst det som finst av småfe og storfe. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Korleis få trent når du er åleine med ein 1-åring heile dagen?

Dei siste månadene har trening vore min ultimate form for åleinetid og måte å hente overskot på. Anten det har vore i form av å springe ut ein kort tur, gjere nokre øvingar med kettlebell'n på gardsplassen eller stikke på treningsrommet i Heggenes. I Oslo har eg meldt meg inn hjå Sats Elixia, og eg har funne ut at eg verkeleg elskar å vere med på gruppetrening (som eg ikkje skjønner kvifor eg ikkje gjorde før når eg hadde masse tid?), og for ikkje å prate om dampbad eller badstue etterpå. Eller ein laaang dusj!


Den veka her er eg imidlertid åleine med Sigmund i Oslo for å ha vakt på jobben. Sidan eg blir sur og lei om eg ikkje får trent og får den åleinetida, var min store bekymring for korleis dette skulle gå denne veka. Korleis får dei som har eineomsorg for ungar eigentleg trent?


Eg har barnepass inkludert i Sats-medlemskapet mitt, men eg har ikkje hatt hjarte til å plassere han der den veka her, sidan eg har vore oppteken av at dette også skal bli "Hanne og Sigmund sin dr…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…