Gå til hovedinnhold

Landbrukets økoløft

I dag er eg så heldig at eg får vere med omlag tretti økobønder på samling på Kringler gjestegård. Samlinga er starten på Landbrukets økoløft, som skal vere med på å motivere fleire til å leggje om og satse på økologisk landbruk. 

Landbrukets økoløft er eit samarbeid mellom Norges bondelag, norsk bonde- og småbrukarlag, Debio, økologiske foregangsfylker, Norsk landbruksrådgivning og Oikos - økologisk Norge. Formålet er å medverke til auka produksjon av økologiske landbruksprodukt i Noreg. 


Tretti inspirasjonsbønder frå heile landet er plukka ut. Desse bøndene sine historier, energi og kunnskap skal vere med å få fleire til å satse på økologisk produksjon. I dag møtast dei alle og alle har fått fem minutt til å presentere seg sjølv og produksjonen sin. 

Her finn vi den unge økologiske mjølkeprodusenten frå Vik i Sogn. Vi har Inn på tunet-garden som også driv med bærproduksjon. Vi finn kornprodusenten som har vore med og etablert Økologisk spesialkorn, som går så det suser. Solbærprodusenten frå Ringsaker som produserer og sel "Fars solbærsaft". Den økologiske kyllingprodusenter frå Østfold som leverer til Stange kylling. Landsbykjøtt - ein smak av Randaberg treff vi også. Fargerike gulrøtter frå Valborg. Eplemost frå Egge Gard. For å nemne nokre bønder til inspirasjon. 

Felles for dei er at dei trur på det dei driv med. På produktet sitt. Og tenar pengar på det dei driv med. Dei har alle det som skal til for å inspirere. Og for ein nynorskentusiast er det moro å legge merke til at økologiske produsentar ser ut til å nytte nynorsk i sine presentasjonar i større grad enn konvensjonelle (dette er i beste fall ei hypotese, og meir kva vi kan kalle ein observasjon). 

Eg satsar på at eg også skal bli inspirert. I år har nemlig eg også tenkt til å starte som hobbyagronom i min eigen hage. Og eg satsar på at eg skal klare å få eit eller anna til å vekse opp frå jorda utan bruk av sprøytemidler og kunstgjødsel. 



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

Mammaen din er så glad i deg!

Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte.

- Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du
Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do.
- Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar

Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt".

I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette:
- Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte)
- Mammaen din elskar deg
- Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at små bebi…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…