Gå til hovedinnhold

Prosjekt oppussing av gang

Livet som huseigar betyr at du får sett mindre av verda, men at du får ein heilt ny ro over deg som aldri har vore der før. Du lærer å sette pris på dei trivielle og enkle tinga. Og du kjenner deg tvers gjennom lukkeleg om morgonen når du drikk kaffien din på ditt eige kjøkken og ser over på han som sit på andre sida av bordet.

I fjor påske var eg og Trond i Frankrike. Året før var vi i Italia. I år er vi heime i Heggenes.

Målet med påska er å få måla gangen, men ikkje stresse, slik at vi også får tid til kos. Ubehandla trepanel skal bli kvitt. Etter å ha tenkt oss om i tre månader har vi havna på kvitt. Etter å ha vore innom både grønt og grått feiga vi ut og køyrte på det trygge.

Fyrste steg er grunning og sparkling. To strøk med grunning før du kjem så langt at du kan dekke det med fin og kvit måling. Det vi gjer annleis no samanlikna med stova er at vi tek litt og litt om gangen og gjer oss skikkeleg ferdige med det før vi går vidare. 


Ferdig måla vegg. Manglar berre listene no, så er alt perfekt (bortsett frå golvet då, men det får vi ta seinare). 


Neste steg. Mens Trond er på hyttetur med kompisar ligg eg på golvet og maskerer trappa før eg grunner fyrste strøk. Drittarbeid: ja! Godt når det er fullført: ja! Gruer meg til å fjerne tapen: ja!


Bilete av ferdig resultat kjem mot slutten av påska. Det gler eg meg til! Dei neste helgene vil så gå med til å måle oss oppover langs veggen til 2.etasje slik at veggen i gangen i 2.etasje blir i same farge. Så ber det inn på barnerom og soverom oppe. Badet har eg tenkt til at nokon andre skal ta seg av. Alt dette skal bli ferdig til juni. 

Eg gler meg mest til august når eg trur livet blir heilt skjønt. Permisjon, Trollrock over, lenge til neste oppussingsprosjekt og ein søt liten baby som søv søtt mens eg tek meg eit glas med vin på verandaen.  






Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år.

Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg. 
Terningkast: 2 

Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt?
Terningkast: 5 
Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det. 
Terningkast: 3
Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein song som får meg i godt humør. Ved fy…

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv.

Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten.

Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgo…

Språkdebatten var ikkje død

Tidlegare i denne veka var eg deltakar i "Valdresdebattane". Spørsmål vi skulle diskutere var mellom anna: Er det plass til to likestilte språk i Noreg i dag? Eller kostar det for mykje? Er det eit problem at 75 % av ungdommane i Valdres skiftar språk? Og kven har i så fall ansvaret?

Eg var deltakar i debatten saman med mellom anna språkforskar Arne Torp (han frå Joker-reklamene), kommentator Erling Lægreid, Elisabeth Aspaker frå Høgre og ordførar i Vang, Vidar Eltun.

Eg har alltid vore glad i nynorsk, men eg har ikkje alltid vore nynorskbrukar. Eg var også ein av dei som byta målform frå nynorsk til bokmål då eg var elev på vidaregåande skule i Valdres.

Det kan verke lettare å skrive bokmål enn nynorsk. I alle fall når du er ein halvlat 15-åring. Stort sett alt eg las var bokmål, og når du tenkjer etter kva for målform ein møter mest av rundt seg i samfunnet, kan vi ikkje seie at bokmål og nynorsk er likestilt. Når eg i tillegg opplevde at bokmålsstilane eg fekk attende frå …