Gå til hovedinnhold

Slepp magen fri!

I dag har eg sleppt magen fri. Eg hadde to val; eg kunne slutte å fornekte sanninga eller eg kunne gjere noko med det. Eg valde ein kombinasjon.

Sanninga er at eg har lagt på meg seks kilo sidan jul. Slik; no har eg sagt det. Det er hardt å innrømme det, men det er sanninga. Eg visste det var blitt litt meir å ta i, men at det skulle vere så mykje hadde eg ikkje trudd.

På måndag måtte eg gå på vekta. Eg har ikkje vore der sidan desember. Før det har eg ikkje vore på vekta på mange år.

Vekta viste at eg var blitt tjukk. Tjukkare enn eg hadde trudd. Eg kan ikkje skulde alt på kjærasten min. Noko er rett og slett fordi eg i staden for å gå tur har vald sofaen. Og eting av ting eg puttar i omnen med smelta ost på. Fordi eg kan unne meg litt ekstra akkurat no. Har eg tenkt.

I går gjorde eg to ting.

Eg meldte meg på eit nytt yogakurs. Dynamisk yogakurs med litt meir rørsle enn det førre eg var på. Fyrste gong var i går og det var slitsamt. Eg kjende det i musklane då eg sette meg i sofaen etterpå. Akkurat kva eg treng med andre ord.

Eg var også på H&M og kjøpte meg gravidbukse. Det er som å kome til himmelen! Magen er no fri til å vekse så stor han berre vil.

Og det trengst nok.

For det som veks inni meg krev meir plass no. No har han begynt å røre på seg også. Slik at eg hysterisk i går måtte bryte ut: "Gi deg! Ikkje kil meg. Du er ingen fisk!".

Eg satsar på at han svømmer rundt fordi han liker det som har skjedd dei to siste dagane. Og at han i pur glede over at magen er blitt sleppt fri har begynt å gjere dynamisk yoga.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Min onde bebi og meg

Etter å ha lese diverse babynettstader og mammanettstader dagleg dei siste månadene, har eg lært veldig mykje om kva andre mødre har som utfordringar.

Eg har slik skjønt at eit vanleg spørsmål nybakte mødre får, er dette: "Er han snill då?". Eg har også lese meg til at dette er eit spørsmål som provoserer mange, sidan det faktisk er vanskeleg å definere om ein bitteliten bebi er snill eller slem.

Difor burde eg vore førebudd då eg sjølv fekk dette spørsmålet. Det var eg imidlertid ikkje. Spørsmålet kom overraskande, og eg burde ha lagd meg nokre artige svar eg kunne brukt og som kunne stoppa kjeften på grand-tantene (det er alltid tanter!) slik at dei spurte litt lurare neste gong dei lurer på noko om bebien.

Det klarte eg ikkje, og eg endte (som vanleg) opp med å svare noko dust. 
Grand-tante: Er han snill då?
Hanne: "Det er vel litt vanskeleg å definere om ein bebi er snill eller slem allereie no"
Grand-tante: Eg meiner, skrik han mykje?
Hanne: Han skrik når han er sv…

No har det rabla - livet i permisjon, del 7

"Eg trur det er på tide at du får litt meir fødekjensle, og litt mindre feriekjensle" sa Trond til meg då han kom att frå jobb i går. Eg satt i stolen. På akkurat same plass eg satt då han reiste.

Altså. Slik seier du berre ikkje. Eg vart djupt fortvila og kasta ein serviett på han. "Trur du eg tykkjer det er så jævla moro å vere gravid?" skreik eg, med augo som Cruella de Vil. "Litt humor må du vel tåle", meinte Trond. 
Eg må berre seie at eg er svært lite mottakeleg for humor, gode råd, andre sine fødehistorier og alt mogleg anna av bullshit ala: "Det er heilt vanleg å gå over tida" eller "Eva gjekk ti dagar over. Ungen hennar vart seks kilo". Faktisk er det i ferd med å rable fullstendig for meg, så folk bør vere svært forsiktige i nærleiken av meg.

Fem dagar sidan termin. Eg trudde eg klarte meg bra. I går forstod eg at eg absolutt ikkje klarer meg bra.

I går kveld skulle eg fortelje Trond ei morosam historie om då eg hadde lagd me…

Mammakroppen og meg

Det er ganske menneskeleg å ha lyst på det ein ikkje kan få. Til dømes cava i graviditet eller ein skikkeleg fest når bebien er ein månad gamal og du er lenka til han. Eller kanskje sydentur når kjærasten nektar plent å bli med. Og i mitt tilfelle akkurat no; ein joggetur.

Altså; eg har aldri likt spesielt godt å jogge. Men eg gjorde det ein periode i livet mitt fordi eg oppdaga eg fekk overskot av det og fordi det gjorde godt for kroppen min.

Meg for tre år og 10 kilo sidan. Dette var sommaren eg traff Trond og han forelska seg i meg. Eg skal tilbake dit. Innan eitt år. 

Etter fødsel får ein ikkje lov til å jogge (ikkje anbefalt før etter tre månader). Altså får eg automatisk lyst til å jogge. No har eg allereie begynt å dagdrømme om deltaking i sentrumsløp og fjellmaraton til neste år. Og eg skal springe fort! Raskare enn eg nokon gong har gjort. Sjølvsagt! (og jada; eg drømmer også om kor godt det skal bli med cava etter løpet)

Men det er berre å innrømme det; eg er ein pudding. Ein…