Gå til hovedinnhold

Vekas verste dag

Eg likar jobben min. Det er ikkje det. Eg berre hatar bussturen på veg tilbake til Oslo sundagskveld. 

I skrivande stund sitt eg på bussen. Har sagt hade til Trond. Og til huset. Kjenner eg gler meg noko heilt enormt til fredag og påske. Ti dagar heime. I huset vårt. Eg skal måle gang, soverom og babyrom. Og så skal eg bake. Og gå på tur. 

Trond har kjøpt truger til meg! Eg skjønner kva han hintar til, men eg vart ikkje fornærma. I helga fekk eg berre testa dei ein tur rundt huset. I påska blir det langtur! 

Pendlarlivet blir hardare og hardare. Etter vi kjøpte oss hus vart det verre. Med veksande mage endå verre. 

Eg både gruer og gler meg til permisjon i juni. Eg kjem til å sakne jobben. Eg kjem til å sakne mykje med Oslo og eg kjem sikkert til tider å bli veldig rastlaus etter nokre månader heime. Det eg ikkje kjem til å sakne er nesten fire timar på buss kvar einaste sundag. 

På bygda lev vi beskytta frå mykje. Priskrig på smågodt til dømes. Kanskje like greit sidan eg desperat prøver å unngå alt for stor vektauke. 



Kommentarer

  1. Silje Helén Nysæther Malm13. mars 2016 kl. 19:34

    Eg kjenner meg so att i det du skriv.

    Eg er framleis folkeregistrert i Hardanger, og eg reiser heim (for sjølv etter fem år på Austlandet so er det Hardanger som er "heima") so ofte eg kan. Eg elskar turane heim. Men eg HATAR buss- eller togturen austover.

    Mange spør meg kvifor eg ikkje berre flyttar attende til Hardanger sidan eg nyttar eitkvart høve til å snakka om kor mykje betre alt er der. Sanninga er at eg hadde vorte rastlaus etter ei veka. Maks.

    Eg elskar det sentrale Auslandet med eit utal byar innanfor ein times radius, eg elskar natt- og sundagsopne verksemder, eg elskar det velutvikla kollektivnettet som gjer at eg kan nå overnemnde byar kva tid som helst på døgeret og gjerne fleire gonger i timen.

    Men...hjartet mitt er i Hardanger. Det er det som er heima. Det er der identiteten min ligg.

    Prisen eg betaler for å ha inngått eit kjærleiksforhold til to landsdelar (med ulendt terreng imellom) er utalege timar på buss og tog.

    SvarSlett
  2. Svar
    1. No er det vel ikkje bussen som er problemet, men tida det tek og at eg er nøydd til å reise frå huset mitt, kjærasten min og Heggenes. Det hadde nok blitt verre med bil. Dessutan er det nokon av oss som tenkjer på miljøet også. :)

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein